Fortellinger fra dusjen – dusjen er for trang, dusjen er skiten, kroppen min er ekkel

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det burde berre verte heilt normalt å dusje i lag.  

– Eg tenker det same og eg ønsker det same, men det er så vanskeleg då. Det er så mykje styr med kroppen, unødvendig styr, som hadde vore fint å normalisere. Men det er ikkje så lett. Kva er normalt, og kva er ikkje normalt?

I den nye dokumentaren Fortellinger fra dusjen har filmskapar Teresia Fant (29) snakka med norske ungdomsskuleelevar frå nord til sør om fellesdusj etter gymtimen: Dusjar dei eller står dei over?

Nyleg vann dokumentaren Children’s Choice Awards under filmfestivalen Nordisk Panorama, etter å ha vorte stemt fram av svenske tenåringar.

Er det gale å vere naken?

Filmprosjektet starta for tre år sidan, då Teresia Fant høyrde eit innslag på svensk radio om at fleirtalet av svenske ungdomsskuleelevar ikkje dusja etter gymtimen. Løysinga som vart lagt fram var å bygge dusjbåsar, noko som fekk Fant til å stoppe opp:

– Eg veit ikkje kvifor, men eg reagerte ganske sterkt på dette. Eg var ein av dei få som dusja på skulen, og fekk kjensla av at det var noko rart eller gale med å vere naken i dusjen, fortel ho då Framtida.no møter ho i Oslo.

Teresia Fant fortel at ho var mest nervøs for korleis ungdommane som stiller i dokumentaren ville ta imot filmen: For nesten alle er det første gong dei er med i ein film. Første gong dei såg heilskapen var eg veldig spent, men vi fekk veldig fine tilbakemeldingar. Foto: Bente Kjøllesdal

Fant er vaksen opp i Vasa i Finland, og minnest at ho sjølv ikkje reflekterte mykje rundt å dusje på skulen då ho var tenåring. På same vis som ho reia opp senga kvar morgon, så var det ein rutine: «Ein skal dusje, for då vert ein rein» tenkte ho etter gymtimane.

Men ho la likevel merke til at fleire medelevar droppa dusjen, medan andre heldt handkleet ekstra nært til kroppen.

Då skjønte ho aldri kvifor, no har ho eit litt anna perspektiv etter å ha snakka med over 100 norske elevar frå land og strand.

Personlege historier

Fant studerte hjå Den norske filmskolen i Lillehammer då ho tok til med dokumentaren, og fortel at kvar einaste person ho lufta idéen for hadde tydelege minne frå garderoben. Dei hugsa om dei gjekk i ei klasse der alle dusja, eller ikkje.

Etter å ha saumfart nettaviser og snakka med lærarar, reiste Fant til ein skule der dei nyleg hadde diskutert å bygge dusjbåsar. Ho vart vist rundt av ein ungdomsrådsrepresentant, Christian, som delte at han var ein av dei som stod over dusjen.

– Det er i garderoben ein kjenner verst på akkurat det å vere homofil, fortel han i dokumentaren. 

– Kva om dei trur eg er forelska i dei og synest eg er ekkel? Det kjenner eg på kvar gong eg er i dusjen, så eg dusjar ikkje med dei andre gutane. 

Fant fortel at ho syntest det var sterkt å høyre om opplevingane hans, og ho bestemte seg for at dokumentaren måtte dreie fokuset vekk frå dusjbåsane og heller berre lytte til kva ungdomane fortalde.

Tidspress, skitt og kroppar

I ei svensk undersøking frå 2016 svara to av tre ungdomsskuleelevar at dei ikkje dusja etter gymtimen. Fleirtalet (80 prosent) fortalde at grunnen til at dei ikkje dusja var tidspress – dei ville ikkje rekke neste time. 60 prosent skulda på skitne dusjar og garderobar.

Samstundes oppgav halvparten at dei ikkje dusja fordi dei syntest det var vanskeleg å vise seg naken, medan 20 prosent var uroa for å verte filma.

Mange elevar Fant møtte var sterkt engasjerte i fellesdusj-diskusjonen, andre elevar oppfatta det som rein rutine, slik ho sjølv gjorde som tenåring. Mykje var avhengig av klassemiljøet, erfarte ho. Stillbillete frå Fortellinger fra dusjen.

Nokre av dei same erfaringane vert spegla i Fortellinger fra dusjen.

To gutar syner fram fellesdusjen, som dei meiner er for liten dei vil ha litt meir avstand mellom kroppane når dei er nakne. Nokre jenter peikar på at dusjen nok sjeldan vert vaska, og fortel at dei heller plar ta ein kattevask ved servanten i garderoben.

Andre igjen fortel om ubehaget med å syne seg naken framfor andre, frykta for at nokon kommenterer kroppen og uroa for at nokon kunne finne på å ta bilete.

– Det er viktig å forstå kva ungdom går gjennom. Det er noko med å ta kjenslene deira på alvor, og ikkje berre prøve med ein quick fix, som eg kjenner båsar er, men å forstå kor kjenslene kjem frå, seier Fant.

– Om ein kjenner skam eller kjenner seg ekkel, så er det viktig å ta tak i.

Er det eit problem?

I åra før dokumentarprosjektet starta var dusjvegring ein snakkis i media. Fleire aviser skreiv om at elevar heller ville lukte sveitte enn å dusje og elevar som nekta å dusje, og fleire skular vurderte å bygge båsar.

Samstundes påpeika forskarar at debatten var overdriven og hysterisk, for å dusje naken etter gymtimen var uproblematisk for dei fleste elevane.

Den same reaksjonen fekk Fant då ho via Jodel etterlyste fleire gutar til å stille opp i dokumentaren:

– Då var det nokon som svarte «kvifor skal vi gjere dette òg til eit problem?».

Teresia Fant forklarar at ho i dokumentaren ikkje lagar eit problem av saka, men løftar fram unge sine eigne erfaringar, no når dei står midt i det.

Fortellinger fra dusjen er produsert av Sarah Winge-Sørensen og produksjonsselskapet Stray Dogs. Dokumentaren hadde premiere på Kortfilmfestivalen i Grimstad i juni, og skal no til Bergen internasjonale filmfestival, Chicago International Children’s Film Festival og DOK Leipzig. Dokumentaren kjem òg hjå Aftenposten i november. Stillbillete.

Særleg historiene frå transungdom har gjort inntrykk på filmskaparen, som har fått eit nyfunne innblikk i kor vanskeleg det kan vere med fellesdusj. 

Det ho håpar er at unge kan sjå si eiga oppleving spegla på film, og samstundes få større forståing for kvarandre – både dei som spradar til dusjen og dei som synest det er utfordrande å skulle dusje saman med andre.

– Eg hadde gløymt kor vanskeleg det kan vere å vere ungdom. Eg forstod aldri dei som valde å ikkje dusje, men no forstår eg usikkerheita meir, seier Fant. 

Samstundes har ho trua på at det er viktig å prate om kropp tidleg, slik at unge som veks opp med Instagram i lomma vert minna på at retusjerte kroppar ikkje er normalen.


Sultan Hadaddeen er endeleg 18. Ho har alltid hatt eit håp om at når ho vert vaksen, vert alt betre. I dag er ho ei av dei kvinnene ho beundra då ho var lita som snakka høgt om å vera trans. Foto: Aida Mahmody / Amnesty