Bolsonaro vil skrote stemmer for å vinne presidentvalet i Brasil
Over tre veker etter valet ber den brasilianske presidenten om at elektroniske stemmer blir forkasta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oppdatering 24. november: Høgsterett har avvist klaga til Bolsonaro sidan dei ikkje fekk dei reviderte tala dei bad om. Partiet hans får no ein bot på om lag 43 milionar kroner.
Etter presidentvalet i slutten av oktober, vann Lula da Silva med knapp margin mot sitjande president Jair Bolsonaro. Da Silva fekk rundt 51 prosent av stemmene, medan Bolsonaro fekk rundt 49 prosent.
No har Balsonaro bedt om at dei fleste stemmene som vart gitt gjennom elektroniske stemmemaskinar blir skrota.
- Les meir om valet: Lula da Silva vann presidentvalet i Brasil
Bolsonaro påstår programvarefeil gjorde utslag
Advokatane til Bolsonaro viser til at det har vore programvarefeil på maskinane. Ifølgje nyheitsbyrået AP skal ikkje dette ha nokon innverknad på kor gyldige stemmene er.
Dersom desse stemmene blir forkasta, kan han vinne med om lag 51 prosent stemmer.
Valmyndigheitene har påpeikt at dei same maskinane vart brukt i første valrunde. Difor gir dei presidenten 24 timar til å redigere klaga si slik at dette resultatet også er inkludert. Det må med dersom dei brasilianske domstolane skal handsame klaga.
- Les meir om dei to kandidatane: Mogleg president-retur og frykt for opptøyar