Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les som regel krim og romanar, og er glad i begge sjangrar. Når eg skriv sjølv, prøver eg difor å kombinera det eg liker best frå begge: spenning og driv frå krim, og tematikk og karakterbygging frå romanar.

Det skriv krimdebutant Anette Hemming i ein e-post til Framtida.no.

I år debuterte 32-åringen frå Bærum med krimromanen Kartografen. NRKs meldar Leif Ekle meinte romanen ganske enkelt var vellukka.

Me har teke ein kikk i bokhylla til krimdebutanten, som sjølv er svak for historier om outsidarar, «taparar» og det litt ukonvensjonelle.

 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– No er det Høst av Ali Smith

Kor les du?

– På senga, diverre legg eg meg ofte for seint for tida, som regel på grunn av skriving.

I sommarhalvåret er det herleg å liggja ute på terrassen med ei god bok. Det gir ein etterlengta timeout og det beste er å leggja igjen mobilen inne. Tilrår alle å ta slike digitale detox’ar i kvardagen.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Klassiske norske folkeeventyr. Asbjørnsen og Moe.

Eg trur alt av foreldre og besteforeldre har lest nattaeventyr for oss. Det er ein veldig koseleg tradisjon, som eg no vidarefører til mine barn.

Eg var også glad i å sjølv drive høgtlesning for familien, også før eg faktisk kunne lese. Eg har nok alltid hatt god fantasi og levd meg inn i fortellingane si verd.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Noko eg hugsar godt, var då eg som 13 – 14-åring bestemte meg for å lese «skikkelege vaksenbøker» og gjekk laus på den gamle klassikaren Stormfulle høyder. Det var eit nytt nivå av melodramatisk kjærleik og ei ny type leseoppleving. Eg hugsar at eg fann ein gammal CD med power ballads, som eg høyrde på medan eg las, og drøymde om «til døden og etter»-kjærleik. Ingenting mindre.

– Det gav meg sjølvtillit som lesar. Då forstod eg at all verdas litteratur var tilgjengeleg for meg, sjølv om eg var ung.

Eg må også trekkja fram Snømannen av Jo Nesbø, som kom ut då eg var 17 år og opna auga mine for krimsjangeren.

Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Her er det mange å velje mellom, men eg seier Tollak til Ingeborg av Tore Renberg. Den er kort og engasjerande, spanande og djup. Tenk å få til så mykje, på så lite plass. Då er ein god!

Les også bokmeldinga: Tollak til Ingeborg: – Eit glimrande portrett av ein antihelt

Tore Renberg Tollak til Ingeborg

Tore Renberg feira 25 år som forfattar med å gje ut sin andre nynorskroman. Foto: Marie von Krogh, Cappelen Damm

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Kan eg heller seia ein sjanger? Eg synest tegneserieboka er undervurdert. Sjølv likar eg Tegnehanne og Lunch. Begge set ord (og teikning) på det komiske i kvardagen og det er umogleg å ikkje kjenna seg att.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Etter kvart har eg innsett at ei «god bok» for meg er noko så enkelt som ei bok eg les ut raskt, fordi eg stadig vil tilbake inn i handlinga. Gjerne også noko som gjør eit varig inntrykk, også etter at eg har lukka boka.

For meg inneber det ofte truverdige og engasjerande karakterar, eit språk som flyt godt og at «noko» i handlinga dreg meg vidare og held på nysgjerrigheita mi. Det siste er grunnen til at eg likar krim.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Som barn, vil eg seie Roald Dahl si Matilda. Eg kan ikkje skryta på meg å ha vore like genial (kven kan vel det?), det handlar heller om at det er ein veldig inspirerande karakter, spesielt for ei ung jente. Eg vart veldig dregen mot kvikke, smarte jenter som vann over dei som tilsynelatande var sterkare. Gjerne jenter som var rampete og uperfekte, braut med det som var forventa av dei og tok kontroll.

Også var det dette med bøker, då. Eg elska jo også å lese.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Ernest Hemingway. Ikkje berre er han nesten ein namnebror, men også ein pioner som beviste at ein kan skrive levande og engasjerande, sjølv med enkelt språk. Også har han nok mange gode historier på lur, sjølv om eg ville vurdert hengelås på barskapet.

Ernest Hemingway høvesvis i ved pulten på Dorchester Hotel i London i 1944 og i Spania i 1959. Foto: National Archives and Records Administration/ Mary Hemingway, i the Ernest Hemingway Photograph Collection, John F. Kennedy Presidential Library and Museum, Boston/ Offentleg eigedom

– Om det hadde vore fleire plassar ved bordet ville eg invitert HC Andersen og Victor Hugo, men no byrjar eg å bli stormannsgal.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Vanskeleg spørsmål, eg er eigentleg glad i variasjon.

Eg har faktisk ikkje lest så mykje av Karin Fossum. Eg jobbar med saka, men etter kva eg har høyrt og det eg har rokke å lese vil eg ta ei råsjans på ho. Då trur eg at eg kunne få metta noko av både krim og roman-svolten, ettersom ho er litt mellom sjangrane.

Om romanen din vert filmatisert – kven skulle du aller helst sett i hovudrolla?

– Her er det ingen tvil! Ein yngre Brad Garrett, som speler Robert Ramone – bror til Raymond – i sitcom-serien «Alle elskar Raymond».

Av ein eller annan grunn dukka han opp i hovudet mitt medan eg skreiv og eg såg for meg at Robert i Kartografen såg ut som han, derav også namnet Robert.

Skodespelar Brad Garrett fotografert under ei pokerturnering i 2019. Foto: World Poker Tour/Flickr7CC BY-ND 2.0

Anette Hemming (f. 1990)

Alder: 32

Frå: Bærum, busett i Asker

Utdanning: Marknadsføring, Handelshøyskolen BI

Yrke: Webansvarleg

Tal på bøker lest årleg: Kanskje 20, inkludert lydbøker