Simen Bondevik tek ikkje attval

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Simen Bondevik har leia ungdomspartiet Unge Sentrum sidan det vart stifta i november 2020.

No annonserer Bondevik at han ikkje tek attval på landsmøtet til våren.

– Å få leie arbeidet med å byggje opp eit ungdomsparti frå botnen, har vore noko av det mest spennande eg har gjort i heile mitt liv. Eg er utruleg takksam for at eg har hatt denne mogelegheita, og laget eg har hatt i ryggen heile vegen, seier han ei pressemelding.

Bondevik seier det er naturleg å gje stafettpinnen vidare, når han no er i innspurten av ei bachelorgrad i medievitskap og til sommaren skal gifte seg. Han kjem til å stille til val for moderpartiet Partiet Sentrum i Oslo i neste års lokalval.


Les også kva Simen Bondevik svara når han først vart valt til leiar: Han ville invitert Alexandria Ocasio-Cortez på pinnekjøt

Kollasj laga av framtida.no. Simen Bondevik: Privat, Alexandria Ocasio-Cortez: AP Photo/Andrew Harnik. Pinnekjøt: Nynorsk Pressekontor