Klimaaktivistar har tilgrisa Monolitten i Vigelandsparken
Klimaaktivistar har tilgrisa Monolitten i Vigelandsparken i Oslo med måling. Dei krev omgåande stans i all leiting etter ny olje og gass på norsk sokkel.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag formiddag tilgrisa to aksjonistar frå Stopp oljeleitinga Monolitten med oransje måling.
Klimaaktivistane opplyser i ei pressemelding at aksjonen er gjennomført som ein reaksjon på det dei meiner er eit skuffande klimatoppmøte i Egypt.
– COP27 var ein syltynn draum som vart til ein stor skuffelse, og endå eit år der Noreg tilbyr 53 leitelisensar ventar oss. Regjeringane i verda styrer oss mot sosial kollaps, og det kjem til å sjå ut som Monolitten, seier Anne Klenge (24), som var ein av aksjonistane, i pressemeldinga.
Dei krev at regjeringa erklærer omgåande stans i all vidare leiting etter ny olje og gass på norsk sokkel.

Politiet fjerna aksjonistane frå Stopp oljeleitinga som grisa til Monolitten i Vigelandsanlegget. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Kan vaskast av
Monolitten er ein 17 meter høg steinsøyle som står midt i Vigelandsparken i Oslo. Monolittplatået er omgitt av ei sirkeltrapp med 36 figurgrupper. Både steinsøyla og fleire av figurgrupper er tilgrisa med måling.
– Dette kan vaskast av, så eg trur ikkje Monolitten tek så mykje skade av det, seier den andre aksjonisten, Joachim Skahjem (24), til TV 2.

Aksjonistar frå Stopp oljeleitinga har grisa til Monolitten i Vigelandsanlegget. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Nektar
Klokka 12.30, ein halv time etter at politiet kom til parken, opplyste politiet til NTB at dei to aktivistane var viste bort frå staden, men at dei nekta å rette seg etter pålegget til politiet.
– Viss det ikkje blir bortvising, må vi vurdere å arrestere, seier krimleiar Mona Nordby i Oslo politidistrikt.
Aktivistane er frå same gruppe som nyleg prøvde å skade Munch-måleriet «Skrik» på Nasjonalmuseet, og som ved fleire høve har sett seg i vegbanen for å stoppe trafikken i store byar.
Les også: Storbritannia vil slå hardare ned på klimaprotestar