«Transfolk må menneskeleggjerast slik at folk forstår at vi er ekte»

Miriam Hardarson
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten stod først publisert på Twitter. Han er sett om og publisert med løyve. Teksten er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Når du transisjonerte, vart du tiltrekt av menn då?

Nei, seksualitet er nok hardkoda i hjernen, men ved transisjon oppdagar ein nye sider av seg sjølv, inkludert eins (ofte undertrykte) seksuelle identitet. Eg har alltid vore lesbisk, men har undertrykt det.

Kva er nokre uventa effektar av hormon? 

Mykje! Eg har gått ned ein skostorleik, gått ned 2 cm i høgda, noko endra augefarge, mindre hender, eg har vorte mykje, mykje svakare. Mjuk hud og feitt, mykje kroppshår og mindre hårvekst. Har vorte meir fnisete. Kroppen luktar ikkje mann lenger.

Kvifor vil du vere trans? 

Å vere trans er nok medfødt og ikkje eit val. Transisjon var eit (slags) val eg måtte ta for å redde mitt eige liv. Eg vil ikkje vere kvinne, eg berre er kvinne. Å undertrykke det heldt på å ta livet av meg.

Er det vanskeleg å vere trans? 

Det er ein mixed bag, ja. Eg er meg sjølv og føler ekte lykke, men samfunnet vi lever i kan gjere det tøft for transfolk. Eg er ressurssterk og klarar meg bra, men transfolk har det tøft – sosialt, økonomisk og så vidare.

Kva er problemet med helsetilbod for transfolk i Noreg? 

Helsetilbodet er fragmentert, sentralisert, lir av kompetansemangel og er ikkje i samsvar med Verdas helseorganisasjon sine retningslinjer.

Eg er ein heterofil mann som er tiltrekt av «sånne som deg», men skammar meg over det.

*Gjesp*. Det er vanlegare enn du trur. Slutt å skam deg over den du er, og kva du likar. Men eg er lesbisk, monogam og har kjærast, altså.

Er du biologisk mann? 

Nei, eg likar ikkje den nemninga. Eg reknar kjønnsidentiteten min for å vere ein del av hjernen min, og nevrobiologi er også biologi. Eg vart registrert hankjønn ved fødsel, grunna «utovertiss», men kjønn er også usynlege ting som genar, hjernestrukturar og så vidare.

Kvifor kjenner eg så få transfolk? 

Dei fleste transfolk går du forbi på gata utan å tenkje på det. Vi er i bankar, sjukehus, forskarar, alle yrke. Transfolk som er i jobb betalar skatt. Vi eksisterer og er ein del av samfunnet. Men vi er for lite synlege.

Skal du ta meir kirurgi? 

Ja. Ikkje fordi eg vil, men fordi eg treng det. Alle transfolk utviklar kjønnsuttrykket sitt for å samsvare med hjernen, og det kan vere eit helvetes rotterace å halde tritt med hjernen i blant.

Kvifor er du synleg og open? 

Fordi transfolk må menneskeleggjerast slik at folk forstår at vi er ekte, vi finst. Fleire eg kjenner orkar ikkje å vere synlege, så difor vart det nesten til at eg måtte gjere det – sidan eg klarar det. Og eg trur eg gjer ein god jobb.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Benjamin Lau-Henriksen smiler meir no når han kan vere seg sjølv. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg