Utval vil ha billigare folkehøgskular

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge med innvandrarbakgrunn og unge med foreldre med låg inntekt og låg utdanning er underrepresentert på folkehøgskulane i dag. Vi må sørgje for å fjerne dei barrierane som hindrar desse i å delta, slik at folkehøgskulane blir eit reelt tilbod for fleire, seier utvalsleiar Rode Margrete Hegstad i ei pressemelding.

For første gong på 20 år har eit utval undersøkt folkehøgskulesektoren. Kven går på folkehøgskule og kva utfordringar finst i sektoren var noko av det utvalet så på.

Rapporten vart overlevert til Kunnskapsdepartementet klokka 14 måndag.

Økonomisk barriere

Det finst 85 folkehøgskular i Noreg, og på dei gjekk det om lag 7500 elevar i 2021. Det er 12 prosent av eit kull, men berre 3 prosent av elevane hadde innvandrarbakgrunn.

Økonomi er ein av dei viktigaste barrierane for meir mangfald blant elevane som går på folkehøgskule, ifølgje utvalet. Det kostar i snitt 124 000 kroner å gå på folkehøgskule i dag, men basislånet frå Lånekassen dekkjer berre 117 000 kroner. Derfor er det mange som ikkje har råd til å gå på folkehøgskule.

Utvalet føreslår derfor at det blir sett ein makspris for elevbetaling tilsvarande 1,2 gonger Lånekassens satsar for lån og stipend for folkehøgskuleår.

Mange av folkehøgskulane er dyre fordi det blir lagt opp til kostbare aktivitetar og reising. Utvalet føreslår også at folkehøgskulane avgrensar reiseaktiviteten for å få ned prisane.

Fleire krav

Fleire krav som sikrar kvaliteten på undervisinga ved folkehøgskulane, er også blant tiltaka utvalet føreslår.

Utvalet tek til orde for at alle kurstilbod i folkehøgskulane skal ha ein kursplan som viser korleis måla i formålsparagrafen i folkehøgskulelova utgjer ein vesentleg del av kurset.

– Vi har sett dei siste åra at kva folkehøgskular som blir oppretta, har vore resultat av politiske dragkampar, og ikkje kvar behovet er størst. Dette ønskjer vi å endre, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Utvalet vil at formålsparagrafen til folkehøgskulen blir utvida. Dei føreslår at han seier at folkehøgskulane skal fremje allmenndanning, folkeopplysning, aktivt medborgarskap og menneskeverd.

Mål: Folkehøgskule for alle

Dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, Anne Tingelstad Wøien, er fornøgd med arbeidet til utvalet.

– Folkehøgskule er for alle. Vi er også opptekne av å auke mangfaldet på skulane våre, seier Tingelstad Wøien til NTB.

– Linjene til folkehøgskulane har ulik kostnad, men vi har eit mål om at alle skulane skal ha linjetilbod som passar for alle, uavhengig av økonomisk bakgrunn, legg ho til.

Dette er forslaga

Utvalet har følgjande forslag for å få meir mangfald inn i folkehøgskulesektoren:

  • Utvalet føreslår at det blir sett ein makspris for elevbetaling for eit folkehøgskuleår tilsvarande 1,2 gonger Lånekassens satsar for lån og stipend for eit folkehøgskuleår. Alle folkehøgskular må ha minimum eitt kurs som har elevbetaling innanfor Lånekassens satsar.
  • Utvalet foreslår at det blir oppretta ein søknadsbasert tilskotsspott til mangfaldstiltak i folkehøgskulen på 3 millionar kroner årleg.
  • Utvalet føreslår at alle folkehøgskular skal vere universelt forma ut, og at elevar med kommunale støttetiltak får desse med seg til folkehøgskulen.
  • Utvalet føreslår nye godkjenningskriterium for nye folkehøgskular. Nye folkehøgskular bør bidra til eit større mangfald i folkehøgskulesektoren. Vilkåra må vektleggje føresetnader for å gi eit kurstilbod av god kvalitet.
  • Utvalet føreslår at alle kurstilbod i folkehøgskulane skal ha ein kursplan som viser korleis måla i formålsparagrafen i folkehøgskulelova utgjer ein vesentleg del av kurset.
  • Utvalet føreslår at 80 prosent av dei tilsette lærarane til skulen må oppfylle krava i opplæringslova for pedagogisk kompetanse eller ha fullført utdanning i folkehøgskulepedagogikk.
  • Utvalet føreslår eit meir heilskapleg kvalitetssystem for folkehøgskulane, at det årleg blir gjennomført ei nasjonal elevundersøking blant folkehøgskuleelevane, og at det blir utarbeidd ein årleg tilstandsrapport om sektoren.

LES OGSÅ: Jens Martin (29) startar draglinje på folkehøgskule: – Drag kan vere ein måte å ta eit oppgjer med det flinke mennesket

– Mange har nok det inntrykket av at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame. Det er stereotypien, fortel Jens Martin Hartvedt Arvesen. Foto: Karina Rønning