Russisk studentmagasin får Studentenes fredspris

Magasinet DOXA får prisen for arbeidet dei gjer for presse- og ytringsfridom i Russland.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det betyr at kampen vår for studentrettar, politiske fangar og ytringsfridom ikkje har vore forgjeves, uttalar DOXA-redaktør Ekatarina Martynova i ei pressemelding.

Torsdag kveld vart det klart at Studentenes fredspris for 2023 går til det russiske studentmagasinet DOXA.

– For oss er prisen ein sjanse til å ha denne plattforma, der vi kan snakke om ytringsfridom i ein situasjon med krigssensur, russisk antikrigrørsle og studentar si rolle i dette, held Martynova fram.

Korrupsjon, seksuell trakassering og desinformasjon

Det nettbaserte magasinet er drive av studentar ved Moscow ́s Higher School of Economics. Dei har mellom anna rapportert om den politiske forfølginga og undertrykkinga av studentar i Russland. Vidare har dei dokumentert den russiske invasjonen av Ukraina.

«Dei blir tildelt prisen for deira modige arbeid med å avsløre korrupsjon og seksuell trakassering ved universitet, dokumentering av statleg forfølging, og kamp mot desinformasjon frå styresmaktene» heiter det i grunngjevinga frå fredspriskomitéen.

Alle som jobbar for magasiner er studentar eller nyutdanna.

– Modige menneske som gir oss håp

– Deira handlingar i Russland viser at sjølv i dei mørkaste augeblinkane finn vi alltid modige menneske som gir oss håp og vi må støtte dei, uttalar Hector Ulloa. Leiaren for SAIH har leidd Fredspriskomitéen.

Hector Ulloa i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) har leia fredspriskomiteen. Foto: SAIH

Studentenes fredspris blir delt ut annakvart år på vegner av norske studentar, og heidrar ein student eller studentorganisasjon som har bidrege særleg til fred, menneskerettar eller demokrati. Det er den Internasjonale Studentfestivalen i Trondheim (ISFiT), Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) og Norsk studentorganisasjon (NSO) som står bak prisen.

– I desse tider med demokratisk tilbakeslag, auka overvaking og statleg propaganda er DOXA ein inspirasjon for alle som trur på ytringsfridom og studentar si rolle som frontlinjeforkjemparar av menneskerettar, slår SAIH-leiar Ulloa fast.


Nuka Shubladze (25) og Nika Barishvili (31). Foto: Ingvild Eide Leirfall