Nyheitsquiz: Miljøforsvarlege oljefelt og bombe-Eurovision

Frå endå ein britisk statsminister til fleire rare ting frå Elon Musk, er du klar for å vise kva du fekk med deg denne veka?

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Quiz: Nyheitsquiz veke 43

  1. Spørsmål 1 av 12

    1.

    Det er samisk språkveke denne veka! Kva betyr čielgamielki?

    • Riekta! (Rett!)

      Čielgamielki tyder heilmjølk på nordsamisk. Og no kan mjølkedrikkarar i Troms og Finnmark verte godt kjend med ordet, for TINE har innført samisk og norsk tekst på kartongane i storfylket!

      Les meir: No blir det samisk tekst på mjølka

    • Boastut! (Feil!)

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 12

    2.

    Kva deltakarlag vart første til å kritisere Qatar for menneskerettsbrot før fotball-VM?

    • Rett i nettet!

      Det er Australia som har kritisert menneskerettsbrota i Qatar. Landslaget slepte ein video der dei kritiserte lovane mot homofili og arbeidsforholda til migrantar.

    • Målbom!

      Det er Australia som har kritisert menneskerettsbrota i Qatar. Landslaget slepte ein video der dei kritiserte lovane mot homofili og arbeidsforholda til migrantar.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 12

    3.

    Prins Harry skal gje ut sjølvbiografi. Kva heiter boka?

    • Konge! (…eller dronning)

      Prins Harry si bok heiter Spare, eller reserve, sidan han er yngstemann av sonene til kong Charles.

    • Her nådde du ikkje heilt opp.

      Prins Harry si bok heiter Spare, eller reserve, sidan han er yngstemann av sonene til kong Charles.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 12

    4.

    Elon Musk har no teke over Twitter. Kva hadde han med seg på Twitter-kontoret første dag?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 12

    5.

    Storbritannia har fått ein ny statsminister. Igjen. Kor mange statsministrar har dei hatt sidan valet i 2019 der dei konservative vann?

    • Heilt rett! (Foreløpig …)

      Britane har hatt tre forskjellige statsministrar sidan 2019-valet: Boris Johnson, Liz Truss og Rishi Sunak. Før det måtte Theresa May ta over for David Cameron på grunn av Brexit, og ho heldt heilt fram til valet i 2019.

      (Kor mange dei kjem til å ha hatt innan nyttår er usikkert.)

      Er du forvirra kan du lese deg opp på dei siste statsministrane Liz Truss og Rishi Sunak.

    • Det var feil! (Foreløpig …)

  6. Spørsmål 6 av 12

    6.

    Medan vi er inne på Rishi Sunak, kva er noko av det første han gjorde som statsminister?

    • Riktig!

      Det har eigentleg vore forbod mot fracking, ei svært miljøskadeleg måte å vinne ut olje på, i Storbritannia. Dette endra Liz Truss, men Rishi Sunak gjeninnfører dette forbodet.

      Les meir: Rishi Sunak gjeninnfører fracking-forbod

    • Feil!

      Det har eigentleg vore forbod mot fracking, ei svært miljøskadeleg måte å vinne ut olje på, i Storbritannia. Dette endra Liz Truss, men Rishi Sunak gjeninnfører dette forbodet.

      Les meir: Rishi Sunak gjeninnfører fracking-forbod

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 12

    7.

    Rihanna har kome med sin første sololåt på seks år. Kva film skal låten vere med i?

    • Det er sjølvsagt Black Panther: Wakanda Forever som har huka tak i Rihanna.

      Låten hennar «Lift me up» vart slept fredag, på same dag som filmen kom ut.

    • Det er sjølvsagt Black Panther: Wakanda Forever som har huka tak i Rihanna.

      Låten hennar «Lift me up» vart slept fredag, på same dag som filmen kom ut.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 12

    8.

    Kva skulle NRK-debatten eigentleg handle om på tysdag?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 12

    9.

    Kvar skal Ukraina arrangere si nasjonale Melodi Grand Prix-sending til neste år?

    • Tolv poeng til deg!

      Ukraina skal arrangere nasjonale Melodi Grand Prix frå eit bomberom på ein metrostasjon i Kyiv.

      England har teke ansvar for å arrangere den internasjonale finalen i Liverpool, på vegner av vinnarlandet frå i fjor.

    • Null poeng til deg!

      Ukraina skal arrangere nasjonale Melodi Grand Prix frå eit bomberom på ein metrostasjon i Kyiv.

      England har teke ansvar for å arrangere den internasjonale finalen i Liverpool, på vegner av vinnarlandet frå i fjor.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 12

    10.

    Kva heiter gruppa med klimaaktivistar som den siste tida har demonstrert ved å lime seg fast i eller kaste suppe på kjende måleri?

    • Midt i blinken!

      Det er «Just stop oil» som blant anna har kasta tomatsuppe på måleri, og limt seg fast. Dei er inspirert av Extinction rebbellion, men er ei uavhengig gruppe med klimaaktivistar.

      I Noreg heiter gruppa «Stopp oljeleitinga»: Ronja oppfordrar til sivil ulydnad

    • Storbom!

      Det er «Just stop oil» som blant anna har kasta tomatsuppe på måleri, og limt seg fast. Dei er inspirert av Extinction rebbellion, men er ei uavhengig gruppe med klimaaktivistar.

      I Noreg heiter gruppa «Stopp oljeleitinga»: Ronja oppfordrar til sivil ulydnad

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 12

    11.

    Medan vi er inne på olje: Kva sa Equinor i ein rapport som kom denne veka?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  12. Spørsmål 12 av 12

    12.

    Det har kome mykje ny norsk musikk denne veka. Kva heiter det nye albumet til Musti?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

Treng du litt ekstra hjelp med kva som har skjedd?

Kollasj av Framtida. Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street, Rodriga Ferrari, CC BY NC 2.0, Thomas Sola / Equinor