Rishi Sunak gjeninnfører fracking-forbod

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Liz Truss vart statsminister i Storbritannia opna ho for fracking – ein omstridd måte å vinne ut petroleum på.

No har hennar etterfølgjar Rishi Sunak lova å innfører på nytt forbodet.

Held seg til partiprogrammet

I sitt program frå 2019 seier Det konservative partiet at forbodet mot fracking vil vare fram til det ligg føre vitskapelege bevis om at fracking kan føregå trygt.

Då Liz Truss likevel heva forbodet, peika ho på den alvorlege energisituasjonen i Europa. Energiprisane i Storbritannia er, som i Noreg, skyhøge.

I sin aller første spørjetime som statsminister svara Sunak at han vil halde seg til lovnadane frå partiprogrammet: det vil seie ingen fracking.

Til The Guardian seier Craig Bennett frå paraplyorganisasjonen Wildlife Trusts at dette er eit velkome signal frå den nye statsministeren:

– Påstanden at fracking kunne gjere noko for å hjelpe minske straumrekningane eller levere straumtryggleik i Storbritannia var alltid ein løgn. Det var promotert hovudsakleg fordi det gjorde Storbritannia meir som USA enn EU, og det passa visse ideologar.


George Carrew-Jones (25) er engasjert i organisasjonen UK Youth Climate Coalition. Foto: UK Youth Climate Coalition