Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det enkle svaret er nei. Å stille spørsmålet bidreg kanskje til å halde liv i nokre gamle mytar som for lengst er avkrefta.

Den britiske forfattaren Arthur Conan Doyle – opphavsmannen til Sherlock Holmes – skal ha brukt tepuifjella som inspirasjonskjelde då han skreiv The Lost World, ein science fiction-roman frå 1912. Boka handlar om ein ekspedisjon til eit platå i Amazonas der det syner seg å leva ymse forhistoriske dyr. 

Fin lesnad, men diverre ikkje heilt sannferdig. Når ein ser dei høge klippeveggene på tepuifjella stige nesten loddrett opp, er det likevel forståeleg at folk kan ha hatt rare førestillingar om kva som løyner seg der oppe.

I dag veit vi litt meir om tepuiane. 

Gudeheimen

Sjølve ordet tepui kjem frå språket til pemonfolket, dei opprinnelege innbyggjarane på den såkalla Gran Sabana, ein region i Venezuela som er del av den store Guaiana-savannen. Ordet tyder «huset til gudane». 

På norsk bruker vi ordet platåberg, taffelberg eller liknande om fjell med flat overflate og bratte sider, medan det spanske ordet mesa, med tydinga «bord», blir brukt internasjonalt. Dette rett og slett fordi denne typen fjell står over landskapet som eit bord over golvet. 

Øyer i skyene

I delar av Surinam, Guyana og Brasil, men i sær i det sørlege Venezuela, finst til saman over hundre slike fjell, nokre av dei heile tusen meter høgare enn landskapet rundt. 

Ein gong i tida var tepuiane del av eit stort platå. Men langsamt har dette platået vorte erodert bort, og i kringom 70 millionar år har tepuiane vore einsame, som øyer i skyene. 

Også økologisk sett er tepuiane øyer: Dei har eit klima som er annleis enn områda rundt, og både floraen og faunaen er i stor grad særeigen.

Isolasjonen er ikkje så ekstrem at dinosaurar har overlevd der oppe, men den næringsfattige grunnen gjev gode levetilhøve for andre særeigne artar, som til dømes kjøtetande planter.  

Uklårt opphav, uklår framtid

Eit grunnleggjande spørsmål er om desse artane har levd på tepuiane heilt sidan fjella var isolerte, eller om dei har kome opp dit i ettertid.

Fuglar taklar sjølvsagt høgda, og med fuglane og vinden kan også frø greie den vanskelege reisa. Men forskarane har prova, gjennom genetiske studium, at nokre froskeartar faktisk må ha klatra opp gjennom klippeveggene lenge etter at fjella vart isolerte

Den svarte frosken Oreophrynella quelchii har sitt naturlege habitat på tepuiar. Foto: Charles Besancon, CC BY-SA 3.0

Kor mange skapningar som har greidd ei tilsvarande bragd, er uvisst. Mange av tepuiane er innhylla i regnskyer store delar av året, noko som gjer utforsking vanskeleg, og det er ingen tvil om at det framleis finst uoppdaga artar oppe på tepuiar

I heilt andre område ser ein tendensar til at dyr som lever i fjellområde, må trekkje stendig høgare opp for å hanskast med stigande temperaturar. Bur ein oppe på ein tepui, finst det ikkje høgare stader ein kan flytte seg til. Det gjer at forskarane er urolege for framtida til det biologiske mangfaldet på tepuiane. 

Djupe grotter

Også geologisk er tepuiane interessante. På grunn av den høge alderen deira, byd mange av dei på landskapsformasjonar kalla karst, som vil seia at grunnfjellet er prega av vassløyseleg steinartar, typisk kalkstein. Her finst ei rekkje grotter og søkkjehol, mellom anna verdas djupaste kvartsittgrotte. 

Søkkjehola, som kan vera opp til tre hundre meter djupe, oppstår når taka i grotter gravne ut av underjordiske elver kollapsar. I slike hol kan det igjen oppstå særeigne økosystem, og også her lever fleire dyreartar som ikkje finst andre stader.

Eit syn for englar

Ein tepui ved namn Auyan byd på eit særleg spektakulært syn, nemleg Angelfalla, verdas høgste fossefall. Det er ikkje mindre enn 979 meter høgt, og i 807 av desse metrane fell vatnet fritt. Når det blæs, blir vatnet slengt rundt, og mykje av det blir forvandla til skodde. 

Foto: Paulo Capiotti/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

Det fantastiske synet var ikkje kjend for den store verda før i 1933, då amerikanaren Jimmie Angel tilfeldigvis flaug forbi i jakt på ein verdifull malmførekomst.

Men på språket pemon heiter staden Kerepakupai Merú, som tyder noko slikt som «fossen av den djupaste staden», og det er naturlegvis eit mykje eldre namn. 


Foto. William Singer Barclay – acervo do Museu Marítimo de Ushuaia