Urfolket moken på Merguiøyane i Thailand og Myanmar har tidlegare vorte kalla sjøsigøynerar.

Erlend Skjetne
Publisert

Merguiøyene ligg ikkje langt utanfor allfarveg; i luftline er ikkje fråstanden stor til kjende stader som Bangkok eller Phuket i Thailand.

Dei meir enn 800 øyene har unekteleg ei viss tilstrøyming av turistar med interesse for dykking, då havområda her er prega av vakre korallrev og kan by på møte med særeigne dyr som verdas største fisk, kvalhaien, og den søte sjøkua dugong, for ikkje å nemne ei heil rekkje kvalar. Men berre ein liten del av øygruppa ligg i Thailand; det meste høyrer til det søraustlege hjørnet av Myanmar, tidlegare kalla Burma, den delen av landet som ligg ned mot den lange Malayhalvøya, som hovudsakeleg er thailandsk og malaysisk territorium.

Sjøsigøynarar?

På desse øyene, som i stor grad er dekte av tett, tropisk skog, men òg har vakre sandstrender, bur urfolket moken. Dei har stundom vorte kalla sjøsigøynarar, på grunn av den tradisjonelle nomadiske livsstilen der dei lever mange månader av året i spesielle båtar kalla kabang, og berre held seg på land i regntida. Men dei er ikkje i slekt med den folkegruppa vi i Vesten før har kalla sigøynarar, altså romar.

Så finst det andre grupper i det øyrike Søraust-Asia som òg blir kalla sjøsigøynarar. Mest kjent er nok folket sama-bajau, som etnisk og språkleg sett er ei austronesisk gruppe til liks med moken. Men det er ingen nær slektskap her heller. For å illustrere kan det seiast at dei austronesiske folka og språka – som i stor grad har spreidd seg med havet som ferdselsveg – finst på så forskjellige stader som Madagaskar, New Zealand og Hawaii. I heile verda er det berre den litt diffuse språkfamilien Niger–Kongo som omfattar fleire ulike språk, og før indoeuropeiske språk (som engelsk, fransk, spansk) byrja spreie seg gjennom storstilt europeisk kolonisering, var det ingen språkfamiliar i verda som hadde større geografisk utbreiing enn den austronesiske.

Langvarige djupdykk

Det mokenfolket har til felles med sama-bajau, er ein kultur sterkt prega av havet. Ettersom vatnet i leveområda deira stort sett er godt og varmt, har dei blant anna tradisjon for fridykking. Sjølv småe ungar sym gladeleg langt ned i sjøen på jakt etter muslingar, sjøpølser og andre godsaker, og det heilt utan dykkarutstyr.

Så vesentleg for livsstilen til mokenfolket er denne dykkinga, at kroppane deira har vorte spesialiserte for oppgåva. Du har kanskje hatt hovudet under vatn nokre gonger? Kor mykje såg du då? På oss vanlege landkrabber som kanskje i beste fall vassar litt i strandkanten på årets einaste sumardag, fungerer korkje hornhinna eller linsa i auga særleg godt under vatn. Ungar av mokenfolket, derimot, kan sjå heilt klårt når dei dykkar! Augo blir ikkje eingong raude og irriterte.

Moken-born padlar ved Merguiøyene. Gruppa bruker 10 dagar på å jakte etter blekksprut og andre sjødyr, før dei returnerer til øya si. Foto: AP Photo/Altaf Qadri

Er du misunneleg? Forsking syner at denne evna faktisk kan trenast opp: Om born i nokre veker bruker svært mykje tid under vatn, vil undervassynet deira betre seg vesentleg. Men er ein allereie så gamal som underskrivne, har nok toget gått.

Hjå sama-bajaufolket ser ein forresten andre genetiske tilpassingar til intensiv fridykking. Mellom anna har desse menneska i gjennomsnitt 50 prosent større milt enn grannefolk som lever meir landbasert. Det gjer at dei lagrar meir hemoglobinrikt blod, som fer ut i blodstraumen når kroppen er på store djupner og milten trekkjer seg saman, noko som igjen gjer det mogleg å halde pusten usedvanleg lenge.

Menneskeetande bylgjer

Den inngåande kjennskapen til havet gjorde mokenfolket berømte i 2004, då ein av dei verste naturkatastrofane i nedskriven historie slo til på det som i vår del av verda var 2. juledag: Eit uhyre kraftig jordskjelv utom den indonesiske øya Sumatra utløyste ein tsunami med bylgjer i opptil 30 meters høgd, som ramma kysten av fjorten land ved Indiahavet og kosta ca. 227.000 menneske livet.

Merguiøyene var eit av dei områda tsunamien trefte fyrst, men utruleg nok berga dei aller fleste av mokenfolket livet. I den tradisjonelle religionen deira, som i stor grad dreier seg om forfedredyrking, har dei ei legende om laboon, «menneskeetande bylgjer». Legenda seier at før ei slik farleg bylgje kjem, vil havet trekkje seg attende og sikadane slutte å syngje. Ein mokenmann høyrde nettopp denne særeigne stilla på den lagnadstunge dagen, og sende ut varsel. Dimed flykta folket hans opp i høgare lende i god tid før tsunamien kom. Dei store materielle øydeleggingane slapp riktig nok heller ikkje mokenfolket unna, med tap mellom anna av mange båtar.

Kritisk situasjon

Trugslane mot mokenkulturen er mange. Det er i seg sjølv eit dårleg utgangspunkt å bu i Myanmar, landet med verdas lengste enno pågåande borgarkrig: Han har vara sidan 1948, riktig nok med ulike våpenkviler innimellom. Refrenget har vore fiendskap mellom ulike etniske grupper og sentralmakta. I 2021 eksploderte det heile på nytt, som fylgje av eit militært statskupp mot demokratisk valde politikarar. Det finst ikkje noko slikt som urfolksvern i Myanmar, og også på Merguiøyene har det skjedd skrekkelege valdshendingar.

Ein moken-gut leiker med ei bambusstang med eit hjul festa på, på ei av Merguiøyene. Foto: AP Photo/Altaf Qadri

Mokenfolket praktiserer i liten grad eigedomsrett, iallfall ikkje kva gjeld naturressursar – naturen må delast og brukast med forstand av alle i samfunnet. Men over hovudet på desse fredsæle menneska som ikkje liker å setja spor etter seg i landskapet, kranglar Myanmar og Thailand om grenseoppdragingar, og i tillegg har Myanmar gjeve ein stor del av Merguiøyene status som nasjonalpark. Mokenfolket, som tel berre 2–3000 sjeler, har i det heile svært liten sjølvråderett.

Forsøk frå både Myanmar og Thailand på assimilasjonspolitikk – altså å vispe denne vesle gruppa smidig inn i storsamfunnets klumpfrie suppe – har heldigvis hatt avgrensa suksess. Men presset på den tradisjonelle kulturen deira er stort. Kven veit kor mange fleire generasjonar av mokenborn som vil kunne sjå klårt under vatn?


Les om fleire forunderlege stadar du sannsynlegvis aldri kjem til å vitje:

Aleutane – den holete brua mellom Asia og Amerika

Satelittbilete av Aleutane

Foto: NASA, Jeff Schmaltz, LANCE/EOSDIS MODIS Rapid Response Team at NASA GSFC, Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

Russland og USA er ikkje samde om så mykje, men dei deler Aleutane – og det aleutiske folket.

Korleis enda to inuittfamiliar opp som publikumsattraksjonar i ein tysk dyrehage?

Johan Adrian Jacobsen tok med inuittfamiliar frå Hebron til Europa. Foto: Mo Laidlaw – Eige verk, CC BY-SA 3.0/Foto: Ukjend fotograf/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Historia om Hebron er ei historie om gode intensjonar og tragiske utfall.

Lever det dinosaurar oppe på tepuifjella?

Kukenán-tepui ligg i Venezuela.
Foto: Paolo Costa Baldi/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0