TikTok hevar aldersgrensa for livestrøyming

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldersgrensa for å strøyme direkte på TikTok har fram til no vore 16 år. Frå 23. november blir den heva til 18 år.

– Vi kjem med endringar og forbetringar for å sørgje for at brukarane våre har den best moglege opplevinga når dei brukar LIVE.

Det skriv TikTok på nettsida si.

I tillegg til å setje ei høgare aldersgrense, kan brukarar også snevre inn publikumet sitt når dei strøymer. Du kan sjølv velje om du berre vil ha vaksne sjåarar når du går live.

Dei generelle retningslinjene til TikTok gjeld også når det berre blir vaksne som strøymer.

Det er framleis ikkje lov med innhald som har nakne folk, eller er seksuelt.


Taylor Blake eig emuen Emmanuel. Foto: Skjermdump frå Instagram @knucklebumpfarms