Forsking: – Katten forstår når du snakkar til han
Vi brukar ofte ei anna stemme når vi snakkar med kjæledyra våre. Og det forstår katten, meiner forskarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit forskingsprosjektet leidd av Charlotte de Mouzon saman med samarbeidspartnarane sine, har studert 16 innekattar. Dei gjorde lydopptak av eigarane, og dei måtte både snakke slik dei gjorde til katten og slik dei prata med vaksne menneske, melder nettstaden ung.forskning.no.
Forskarane gjorde også opptak av framande menneske som snakka til kattar og menneske. Dei ville finne ut om det var skilnad i korleis katten oppførte seg til dei ulike stemmene.
Meir aktive
Dei fleste kattane vart mindre aktive når dei høyrde eigaren snakke med menneskestemma. Men då kjæledyra høyrde kattestemma, vakna dei. Dei kunne til dømes røyve meir på øyra eller halen, eller bevege seg meir rundt i rommet.
Forskarane gjorde også akkurat den same testen med stemmer frå framande, altså personar som ikkje katten kjende. Men då reagerte dei fleste kattane lite.
Spesielt forhald til mennesket sitt
No trur forskarane at dette kan seie noko om kattar. Dei meiner å ha funne ut at katten og eigaren lagar seg ein spesiell måte å snakke saman på, og at katten har eit heilt spesielt forhold til mennesket sitt.
Dette passar bra inn med undersøkingar andre katteforskarar har gjort. At katten treng eigaren sin for å kjenne seg trygg.
Og det høyrer med at kattar mjauar lite til andre kattar. Dei mjauar nesten berre til menneska sine.