Janus er truleg verdas eldste tohovda skjelpadde.
mm

Skjelpadda Janus har to hovud, to hjarte, to par lunger og to personlegdommar. 

No feirar Janus 25-årsdagen sin. Han er den eldste skjelpadda med to hovud ein kjenner til, skriv Reuters.

Men om han hadde levd i det fri, hadde Janus truleg ikkje overlevd lenge. Skjelpadda kan nemleg ikkje trekkje hovuda inn i skalet, og slik beskytte seg mot rovdyr.

Blir tatt godt vare på

Janus er ei gresk skjelpadde. Han er passande nok kalla opp etter den romerske guden Janus, som ofte blir skildra med to andlet.

Skjelpadda vart klekt ut på det naturhistoriske museet i Genève i 1997, og har sidan blitt tatt vare på der.

Ifølgje nyheitsbyrået blir Janus mata med organisk salat. Han får massasjar og badar i grøn te og kamille. Han går dagleg på tur, og innimellom står han på eit spesiallaga skateboard.

Angelica Bourgoin er ein av dei som tek seg av Janus. Ho trur at det er merksemda og pleia han får som gjer at han framleis er i live og no kan feire rund dag.

Sjå videoen museet har publisert på Instagram for eit lite innblikk i det gode skjelpaddeliv: 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Muséum Genève (@museum.geneve)

Ulike personlegdommar

Men det er ikkje berre berre å vere ei skjelpadde med to hovud. Dersom Janus tippar over, kan han døy, og dei to hovuda hans må innimellom smørjast med vaselin for at dei ikkje skal bli såre av å gnikke borti kvarandre.

Det kan òg bli konflikt mellom dei to personlegdomane hans, til dømes over kva retning Janus skal ta vegen.

– Det høgre hovudet er meir nysgjerrig, er meir vakent og har ein mykje sterkare personlegdom. Det venstre hovudet er meir passivt og elskar å ete, fortel Bourgoin til Reuters.

Det kan sjå ut som om Janus koste seg med bursdagsmåltidet:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Muséum Genève (@museum.geneve)


Illustrasjonsfoto: Jolo Diaz, Unsplash.com
Oppdatert: onsdag 7. september 2022 14.06
ANNONSE