På leit etter OD-jobb? Utfør dagsverket ditt hjå Framtida.no!

Er du glad i å skrive eller fotografere? Lurer du på korleis det er å jobbe som journalist?
Er du skuleelev og skal samle inn pengar til arbeid med psykisk helse i Uganda i samband med årets Operasjon Dagsverk?
Då kan du få prøve deg i Oslo sin trivelegaste redaksjon!*
Framtida.no leitar etter éin skuleelev som har høve til å arbeide frå Oslo-kontoret torsdag 3. november.
Arbeidsoppgåvene dine vert forma litt ut frå kva du sjølv synest du er flink til eller kva du har lyst til å drive med, men det kan til dømes vere:
- Skrive eit meiningsinnlegg om noko du brenn for
- Lage innhald til Instagram eller TikTok
- Skrive korte notisar om alt mellom himmel og jord
- Lage artige listesaker (Usikker på kva ei listesak er? Døme på tidlegare listesaker er: Fem grunnar til å elske Sex Education og Åtte gongar Erna var stjerna.)
- Lage quiz
- Ta foto vi kan bruke til saker
Framtida.no er ei nynorsk nettavis for unge i alderen 15-25 år. Om du ikkje er heilt stø i nynorsk er det heilt greitt, vi les korrektur og hjelper deg.
Er du interessert? Send ein e-post til redaktør Andrea Nøttveit: andrea(a)framtida.no! Det er fint om du òg skriv litt om deg sjølv – kven du er, kva du likar å drive med og kvifor du kunne tenke deg å jobbe hjå oss på OD-dagen.
Søknadsfrist: 25. oktober 2022
Framtida.no sitt Oslo-kontor held til i Christiania Glasmagasin på Stortorvet i Oslo, og du må kunne møte der på OD-dagen.
*Dette er veldig subjektivt, men heilt objektivt er nok Framtida.no likevel topp 3.