Skule nektar elevar å be inne
Skulen skal vera ein livssynsnøytral arena, meiner rektor ved Sagatun skule i Balestrand i Sogn. Det vekker reaksjonar frå foreldre, politikarar og biskopen i Bjørgvin.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdomsskule-elevar ved Sagatun skule i Balestrand i Sogndal kommune får ikkje lengre lov til å møtast til andakt og kristent fellesskap i matfriminuttet slik dei har gjort kvar onsdag dei siste åra, skriv NRK Vestland.
Grunngjevinga er at rektor Gudrun Kjartansdottir, meiner at skulen skal vera ein livssynsnøytral arena. Derfor får ingen møtast til religiøs samkome i skuletida.
Kommunedirektør i Sogndal Tor Einar Holvik Skinlo argumenterer for vedtaket med at slike møte kan oppfattast både støytande og krenkande for dei som høyrer til andre trussamfunn.
- Les også: Færre unge trur på Gud og fleire er skeptisk til religion: – Ikkje vanskeleg å forlate trua
– Her har kommunen bomma
Vedtaket vekker mellom anna reaksjonar blant foreldre og politikarar i kommunen.
– Her har kommunen bomma. Noreg skal vera eit livssynsope samfunn der menneske med ulike livssyn kan praktisera trua si, side om side, seier gruppeleiar i Sogndal KrF, Frode Bøthun.
Sogndal høyrer til Bjørgvin bispedøme. Biskop Harald Nordhaug meiner vedtaket er skadeleg og skuffande.
– Denne praksisen bidreg til å setta ei haldning der tru og livssyn blir rekna som potensielt skadeleg for unge menneske fordi dei tenker og trur ulikt. Han fremjar ikkje eit samfunn der me kan leva saman i openheit og toleranse, seier han.
Les også: Muslimsk student i Noreg: – Det kan vere litt utfordrande