Fredsprisvinnar Muratov skuldar Russland for barbari
Tortur lever i beste velgåande i dagens Russland, seier den russiske fredsprisvinnaren Dmitrij Muratov. Han meiner journalistar er motgift mot tyranni.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Torturpraksisen i fengsla og under etterforsking lever i beste velgåande òg i det moderne Russland, sa Muratov i nobelforedraget sitt i Oslo rådhus fredag.
Mishandling, valdtekter og forferdelege buforhold var blant tinga han ramsa opp.
Muratov, som er sjefredaktør for den uavhengige avisa Novaja Gazeta, er i Noreg for å få Nobels fredspris saman med den filippinske journalisten Maria Ressa.
– Barbari
I foredraget gjekk Muratov hardt ut mot president Vladimir Putins regime og trekte linjene tilbake til Stalins undertrykking av det russiske folket.
Mellom anna blir straffesaker baserte på falske skuldingar ofte brukt i politiske saker, seier Muratov, som viser til skuldingane mot opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj.
– Vi får stadig oftare høyre om tortur av innsette og arresterte. Folk blir torturerte for at dei skal brytast ned, for at straffa skal bli endå meir brutal. Dette er barbari, seier Muratov.
Også journalistikken i Russland er inne i ei mørketid, seier fredsprisvinnaren.
– Over hundre journalistar, medium, menneskerettsforkjemparar og NGO-ar har dei siste månadene fått status som «utanlandske agentar». I Russland er dette det same som folkefiendar, seier han.
Krigspropaganda
Muratov skuldar òg russiske styresmakter for å spreie krigshyllande propaganda gjennom TV-ruta.
– Makta sel aktivt ideen om krig. Folka som er påverka av den aggressive marknadsføringa, blir vane til å tenkje at krig kan aksepterast.
– Regjeringar og propaganda-støttespelarar som dei omgir seg med, ber det fulle ansvar for den militaristiske retorikken på statlege TV-kanalar, seier han og åtvarar mot at dette mellom anna kan bidra til å eskalere spenninga mellom Russland og Ukraina.
– Krigen mellom Russland og Ukraina verkar ikkje lenger umogleg i dei sjuke hovuda til geopolitikarane, seier han.
Motgift
Muratov åtvarar samtidig om at verda bevegar seg lengre og lengre vekk frå demokratiet.
– Verda er skuffa over makteliten. Verda har byrja å vende seg i retning diktatur. Det har oppstått ein illusjon om at framsteg kan verte oppnådd gjennom teknologi og vald, og ikkje gjennom menneskerettar og fridommar, seier han.
– Diktatura har sørgt for å gjere det lettare å utøve vald. I landet vårt (og ikkje berre der) er det vanleg å tenkje at politikarane som unngår blod, er svake. Dette er framsteg utan fridom. Som å få mjølk utan å ha ku, slår han fast.
Muratov meiner at uavhengig journalistikk er motgifta mot ei slik utvikling.
– Vi er journalistar, oppgåva vår er klar: Å skilje mellom fakta og usanningar, seier han. (©NPK)