Bokmeldar Jannicke Totland meiner påverkar Linnea Løtvedt deler raust, men at hovudgrunnen til å kjøpe boka er at inntektene går til Mental Helse Ungdom

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Linnea Løtvedt (f. 2000) er ein av dei største påverkarprofilane i Noreg, og kjent for å vere open om angst og for å setje lys på positivt kroppsfokus.

Den usynlige angsten fortel 20-åringen den personlege historia si, der ho deler raust av eigne erfaringar rundt psykisk helse.

TikTok-forfattarar

Løtvedt er livsstilsvloggar, som betyr at ho deler raust frå eige liv i korte filmsnuttar på sosiale medium. På videoappen TikTok har ho heile 305.000 følgjarar. Og har mange tusen følgjarar på appar som Instagram og Snapchat.

Boka er skriven saman med TikTok-psykolog Maria Abrahamsen, som står bak SoMe-kontoen @psyktdeg, med unge som målgruppe. Som eit supplement til Løtvedt si historie deler ho nyttige fakta og praktiske tips rundt psykisk helse og livsmeistring gjennom fleire kapittel. Noko som utgjer det kanskje mest substansielle bidraget til boka.

Mørket ingen ser

Den usynlige angsten handlar om angst, uro og mørke som ikkje nødvendigvis andre kan sjå eller føle. Boka set lys på ein viktig tematikk – om at unge vaksne med psykiske utfordringar får for lite og for sein hjelp.

I formidlinga av tematikken deler Løtvedt raust frå eigne erfaringar av det å leve med emetofobi, som er angst for å kaste opp.

Dei siste åra har det vore ei stor auke i angst og andre psykiske lidingar hjå unge vaksne. Det gjer at sitatet: «Cirka 25 prosent av alle med henvisning fra fastlege for å få psykisk hjelp blir avvist» står som ein slåande tankevekkjar.

Dessutan vektlegg boka at mange blir ein kasteball i systemet, «samt må vente lenge på å få vite om de får plass, og må deretter vente en stund før oppstart av utredningen. På den tiden kan symptomene endres og også øke».

Feil medium

Det er inga tvil om at det er ein viktig bodskap Løtvedt har. Det gjer det og vanskeleg å seie noko kritisk om boka. Likevel, er eg skeptisk til om bokformatet er den riktige plattforma for å formidle denne type bodskap.

Språket er lite modent og munnleg. Noko som underbyggjer at denne type formidling passar betre på sosiale medium. Ein påstand den utstrekte bruken av emojiar i designet bidreg til.

Linnea Løtvedt og venen Samuel Vedå har begge gjort viktig arbeid for å løfte psykisk helse, men Framtida sin bokmeldar meiner det passar best i sosiale medium. Illustrasjon: Cappelen Damm

Å halde fram med å spreie bodskapen på nett – vil òg gjere informasjonen meir tilgjengeleg, og treffe målgruppa i større grad. Noko det er klart av begge forfattarane har brei erfaring med.

I alt bidreg boka med lite nytt til bokmarknaden. Det gjer at den einaste gode grunnen til å kjøpe boka er at overskotet går til Mental Helse Ungdom.

Samla sett, vil eg tilrå Den usynlige angsten til unge vaksne som vil ha ei innføring i kva det inneber å ha angst.


Illustrasjonsfoto: Daria Nepriakhina ?? on Unsplash
Kollasj: Framtida.no

Den usynlege angsten – livsglede er min terapi (2022)

Forfattar: Linnea Løtvedt og Maria Abrahamsen

Forlag: Cappelen Damm 

Sjanger: Psykisk helse

Sider: 184