Fransk fotballby nektar å syne kampar frå Qatar-VM

Lokalstyresmaktene i Lille tek avstand frå VM-vertslandet.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag annonserte borgarmeister Martine Aubry at Lille ikkje kjem til å syne kampar frå det komande fotball-VM-et på storskjerm.

Twitter skriv ho at eit samrøystes kommunestyre har røysta for ei erklæring som fordømmer at verdsmeisterskapet vert halde i Qatar.

– [Det] gjev ikkje meining når det kjem til menneskerettar, miljøet og sporten, skriv Aubry.

Det var Reuters som først skreiv om saka.

«Verdsmeisterskapet i skam»

Qatar fekk tildelt verdsmeisterskapet i 2010, og sette då i gang ei rekkje storstilte byggjeprosjekt. Nye fotballstadion, ny flyplass, ny metro og kring 100 nye hotell har vorte bygde for å ta imot hordane av nasjonallag og fotballfans, ifølgje BBC.

Kring 30.000 utanlandsarbeidarar skal ha vorte tilsette berre for å byggje stadiona. Flesteparten kom frå Bangladesh, India, Nepal og Filippinane.

VM-tildelinga har i etterkant fått krass kritikk frå fleire hald. I fjor melde avisa The Guardian at fleire enn 6500 utanlandsarbeidarar har døydd i Qatar mellom 2010 og 2020. Styresmaktene i Qatar meinte talet var misvisande.

I 2016 kalla Amnesty International Qatar-VM «verdsmeisterskapet i skam», og peika på vilkåra for utanlandsarbeidarane. Organisjonen viste mellom anna til dårlege buforhold, månadar utan løn, trugslar og tvangsarbeid.

I åra etter tok Qatar grep for å betre vilkåra, men i november 2021 peika Amnesty på utanlandsarbeidarar framleis vart utnytta.

Oppdatering, 4. oktober kl. 09.52: Heller ikkje Paris kjem til å syne VM-kampar på storskjerm, melder France24


Christian Eriksen feirar med sine danske lagkameratar etter å ha skåra for Danmark i kampen mot Kroatia, som enda 2–1 til kroatane. Foto: (AP Photo/Darko Bandic)