Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg skal fortelja no høyrest rart ut, men det var på den tida eg byrja å få eit nært forhold til Snåsamannen. Han var ein viktig vaksenperson for meg, fordi han var ein eg kunne prata med.

Det seier trønderrockar Chand Torsvik (39) på telefon til Framtida.no. 

13 år er gått sidan namsosingen vart landskjent då han henta heim sigeren i talentkonkurransen «X Factor» i 2009.

Første møte med Snåsamannen

Joralf Gjerstad var kjent som Snåsamannen. Foto: Bjarne Thune, CC BY-SA 3.0

Denne hausten har han gått inn i eit anna musikalsk landskap og gitt ut liveplate med dikt av Joralf Gjerstad, betre kjent som Snåsamannen.

Dikta har blitt tonesette og omsett til trøndersk av Torsvik sjølv, noko han fekk spesialløyve til før Gjerstad døydde i fjor.

Over 50 år skil dei to, likevel vart Snåsamannen ein viktig ven og støttespelar for Torsvik. Det skjedde etter at han som 14-åring oppsøkte Snåsamannen for å få hjelp med ein vond rygg.

– Førsteinntrykket mitt var at han var litt skummel. Eg synest det var litt rart heile greia, men så fekk eg tak på mannen og me var nære vener. Eg brukte å ringja han innimellom og køyra turar for å snakka med han. Han var ein god ven av meg. Det var vel det at han var ein vaksenperson som såg meg og var oppteken av det eg heldt på med, minnest Torsvik.

Ung vaksen

Chand følte at Snåsamannen såg kva som budde i han, ein han kunne ha djupe samtalar med.

– Dei andre på 20 år var ikkje der. Dei var i si eiga ungdomsverd, medan eg alltid har vore ei gammal sjel, seier Torsvik.

– Det var fint, samstundes som eg syntest det var litt vanskeleg, det å vera litt annleis. Det at du føler deg vaksen, men så er du liksom ung. Du er moden for alderen, så er du 20. Det vart eit lite skilje frå venane rundt deg.

Musikkdraumen

 Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Nei, det var vel på ein måte meir stabilt enn no, men eg hugsar eg var litt bekymra. Me er i den tida då dei to flya køyrde inn i dei tårna, elles var det ikkje mykje bekymring.

Sjølve 20-årsdagen minnest han at vart feira på Setertun i Namsos, saman med elevane på skulen der han jobba.

Som 20-åring jobba nemleg Chand Torsvik som barne- og ungdomsarbeidar på Høknes barneskule og ein musikkbarnehage i Namsos. I tillegg var han litt musikklærar.

– Eg visste at eg skulle bli musikar allereie i ungdomstida, men det var ikkje så lett å seia det for då er ein så ung. Det var fåtalet som visste så klart kva ein ville og nokon trudde nok eg ville ta til fornuft og finne meg ein ordentleg jobb, minnest han.

Chand Torsvik (27) slik Noreg hugsar han frå sangkonurransen X Factor på TV 2.
Foto: Lise Åserud / NTB

Men Torsvik har skrive songar sidan han var 14 år, og vart etter kvart godt etablert i det lokale musikkmiljøet. Her opplevde han å bli sett av sine musikalske førebilete Åge Aleksandersen, Terje Tysland og DDE.

– Det er litt på same måte som Joralf, nokon som tok meg seriøst og såg meg, minnast Torsvik.

«Du må vera liten for å bli stor»

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg håpa på at draumen skulle bli verkeleg, at eg skulle bli musikar og leva av musikken, slik eg hadde sett mange andre frå same by gjera, minnest Torsvik.

Den gong som no var det trønderrocken som gjaldt, og Namsos var eit sentrum for nettopp det.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg trur eg ville tenkt: «det er ein som har stå på-vilje og veit godt kva han vil». Eg hadde ein veldig tydeleg drive og var veldig sikker på kven eg var til å vera 20.

Hadde han skulle gitt seg sjølv eitt råd som 20-åring, så var det å lytta meir til seg sjølv og sitt eige hjarte, enn på alle andre.

Men Torsvik fekk gode råd frå Gjerstad, som han har teke med seg vidare i livet.

– Han fortalde meg at det kjem til å gå meg bra. «Du må vera liten for å bli stor,» sa Joralf. Eg skjønte det ikkje då, men han sa at eg kom til å lukkast med musikken, avsluttar Torsvik.


Les også: Noman Mubashir trudde han skulle døy over Hardangervidda

Journalist og programleiar Noman Mubashir (47) var mest oppteken av jobb som 20-åring. Foto: Ole Kaland/NRK