Rotta Magawa har fått heltemedalje

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Magawa er ei helterotte. Me er kjempeglade for å feira hans livreddande innsats ved å gje han PDSA-gullmedaljen.

Det sa generalsekretær i PDSA, Jan McLoughlin, i den virtuelle presentasjonen av den heltemodige rotta Magawa.

Reddar og endrar liv

PDSA (People’s Dispensary for Sick Animals) er ein organisasjon som jobbar for dyrevelferd.

Dei har beslutta å gje Magawa si høgaste utmerking for hans mangeårige innsats mot landminer i Kambodsja.

– Magawa sitt arbeid reddar og endrar liva til menn, kvinner og barn som vert påverka av desse landminene. Kvar oppdaging han gjer reduserar faren for skade eller død for lokale menneske, seier McLoughlin i ei pressemelding frå PDSA.

Magawa går i band og markerer når han finn landminer eller sprengstoff. Mineryddarane som jobbar med han stolar så mykje på rotta at dei ofte brukar området til fotballbane etter at Magawa har trygga det. Foto: PDSA via AP

25.000 amputerte

Under Vietnam-krigen sleppte fleire land bomber over Kambodsja, Vietnam og Laos. Ifølgje ein amerikansk rapport frå i fjor vart opptil ein fjerdedel av klasebombene USA sleppte ikkje detonert, og utgjer difor ein fare framleis.

Desse bombene, saman med landminer som vart lagt ut under borgarkrigen og den vietnamesiske invasjonen etter Røde Khmer sitt fall, utgjer framleis ein fare for innbyggjarane. Det er ulike estimat men ein reknar med at det framleis er frå 4-6 millionar landminer att.

Ifølgje ein rapport frå juni i fjor har 64.840 døydd i slike ulykker sidan Røde Khmer sitt fall i 1979. I tillegg har landet kring 25.000 innbyggjarar som lever vidare utan lemmer som dei har mista i mineulykker.

Kan klarere ein tennisbane på 30 minutt

Magawa har vorte trent opp av den belgiske organisasjonen APOPO (Anti-Persoonsmijnen Ontmijnende Product Ontwikkeling) som jobbar med å rydda landminer.

Ein av grunnleggjarane av organisasjonen, Christophe Cox, meiner det er viktig at PDSA set landminer på dagsordenen.

– Fordi landminer framleis terroriserer liva til så mange kambodsjanarar og andre menneske over heile verda. Me håpar me kan løyse landmineproblemet i løpet av dei neste fem-ti åra, seier han til Reuters.

Magawa har brukt sju år av livet sitt på å leita etter landminer i Kambodsja. Foto: PDSA via AP

Gambiske hamsterrotter er smarte og lette å trene, ifølgje organisasjonen.

Fordelen for Magawa er at sjølv om han er større enn ei vanleg rotte, så er han for lett til å utløyse minene. Han er trent opp til å signalisere når han finn ei landmine.

Den store rotta jobbar så raskt at han kan klarere eit område på storleik med ein tennisbane på 30 minutt, noko som kan ta eit menneske med metalldetektor opptil fire dagar.

I løpet av dei siste sju åra har han dekt 141.000 kvadratmeter og funne 39 landminer og 28 andre farlege gjenstandar. Det gjer Magawa til den beste landminerotta organisasjonen har.

Darius. Foto: Privat