USA: Religiøst universitet droppar studentforeiningar for å hindre Pride-gruppe

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre gongar har den skeive studentforeininga YU Pride Alliance forsøkt å verte anerkjend av det amerikanske Yeshiva Universitetet. Tre gongar har dei fått nei.

Då siste avslag tikka inn, bestemte studentforeininga seg for å gå til sak.

Etter to rundar i rettssystemet og to nederlag for universitetet, har Yeshiva University no sett ein stoppar for all studentforeining-aktivitet. 

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

– Bryt med det religiøse verdigrunnlaget

Yeshiva University er eit jødisk-ortodoks universitet, som meiner det bryt med deira religiøse verdigrunnlag å anerkjenne YU Pride Alliance.

YU Pride Alliance meiner dette er diskriminering. YU Pride Alliance skildrar seg som ein støttande stad der alle studentar, uansett seksuell orientering eller kjønnsidentitet, kan kjenne seg respekterte, synlege og representerte.

I juni slo domstolen i New York fast at universitetet braut dei vedtekne menneskerettane. Dei forbyr diskriminering på bakgrunn av faktorar som seksuell orientering, etnisitet, kjønn, alder, og nasjonalitet.

Domstolen kravde at Yeshiva anerkjende YU Pride Alliance med det same, og gav dei same fordelane, tilgangen og privilegia som andre studentforeiningar.

Universitetet anka saka og bad Høgsterett blokkere avgjersla frå domstolen i New York. Det nekta Høgsterett i ei avgjerd førre veke.

Throwback til 50 år sidan

I ein e-post til studentane skriv Yeshiva University at dei stoppar all studentforeiningsaktivitet på bachelornivå, medan dei tek dei neste stega for å sikre religionsfridomen på universitetet.

Advokaten til YU Pride Alliance, Katherine Rosenfeld, kallar forbodet eit throwback til 50 år sidan. Då stengde byen Jackson i Mississippi offentlege symjehallar heller enn å avsegregere dei slik at kvite og svarte folk kunne bade i same basseng.

– Pride-alliansen vil berre ha ein trygg plass på campus, det er alt, seier ho ifølgje Reuters.


Foto: sina drakhshani on Unsplash, Skjermdump frå 6rangIran/YouTube