Debattredaktør Luqman Wadood (20) utpeikt som nordisk pioner

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er alltid veldig gøy å få anerkjenning for hardt og meiningsfylt arbeid, spesielt når ein er ung og driv med noko unikt.

20 år gamle Luqman Wadood er gründer og redaktør for jeune.no, ei debattside for unge. I dag blei det annonsert at han er ein av fire nordiske unge som får prisen The Nordic Pioneer Prize. Prisen løftar unge stemmer og entreprenørar som har gjort ein innsats for lokalsamfunn og demokrati.

Wadood fortel at prisen vil vere ein viktig motivasjonsfaktor for arbeidet med Jeune framover.

– Eg vil takke alle som på noko vis har støtta meg og mitt prosjekt, og håper andre unge vaksne kan bli motivert av meg og dei andre dyktige prisvinnarane, skriv Jeune-redaktøren i ein e-post til Framtida.no.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ung debatt og sånt ? (@ungdebatt)

– Krevjande

Debattsida har publisert over 400 innlegg, og fleire av dei har blitt plukka opp av store mediehus som VG og TV 2.

Luqman Wadood (20) frå Stavanger starta debattnettstaden Jeune.no under koronapandemien. Foto: Privat

– Å styre eit gründerselskap i vekst kan vere veldig krevjande, spesielt som ung, understrekar Wadood.

Å drive Jeune inneber nemleg å vere både dagleg leiar, sjef for fleire tilsette, rekneskapsførar, representant, teknisk ansvarleg og sjef for sosiale medium. Som redaktør har han i tillegg det overordna ansvaret for alt som blir publisert i Jeune.

– Men, så er jo det veldig gøy å drive noko som Jeune. Å skape tenester som gler andre, gjennom sosialt entreprenørskap, er gjevande og ein god måte for meg å uttrykkje mine interesser og ferdigheiter.

Unge talent som bidreg i samfunnet

– Årets vinnarar har vist ein inspirerande innsats og dedikasjon til å forbetre samfunnet, noko som skin gjennom i deira ulike engasjement, seier Sebastian Jørgensen, prosjektleiar i Nordic Safe Cities, som står bak prisen, i ei pressemelding.

Prisen blei etablert i 2021 og blir delt ut til unge opp til 25 år i Norden. Vinnarane får 25 000 danske kroner kvar.

I tillegg til Luqman Wadood får desse tre prisen:

  • Nadeen Aiche (21), styreleiar i Mino Danmark, ein organisasjon som spesielt engasjerer danskar med minoritetsbakgrunn.
  • Abbe Ali (20), grunnleggjar av Redd Barnas lokalforeining i Bollnäs i Sverige.
  • Riina Tanskanen (24), teikneserieskapar, samfunnskritikar og feministisk aktivist, frå Tammerfors i Finland.

Pressefoto Nordic Pioneers.

Den norske ambassaden i København er vertskap for årets utdeling torsdag 29. september.

– Den nordiske pionerprisen viser nokre fantastiske døme på unge talent som hjelper samfunna våre til å bli endå meir likestilte, inkluderande og demokratiske, seier den norske ambassadøren i København, Katja Nordgaard, i pressemeldinga.

Fornyar Jeune

Nett no blir det ikkje publisert nye innlegg hjå Jeune. På nettsida står det at jeune.no vil bli erstatta av eit nytt konsept som blir lansert 27. desember.

Overfor Framtida.no lettar redaktøren litt på sløret om kva vi har i vente.

– Eg har på mirakuløst vis klart å kome inn på eit ganske krevjande studium. Det gjer at eg ikkje lenger kan drive Jeune på same måte som eg gjorde før.

Han har difor bestemt seg for å bruke den økonomiske gåva han får frå Nordic Pioneers til å reformere Jeune.

– Plattforma vil nok få eit nytt namn som vil vere enklare for folk flest å uttale. Planen med denne reformasjonen er å flette inn kule teknologiske løysingar som vil gjere at verksemda i større grad går av seg sjølv, og at eg som redaktør og dagleg leiar vil ha mindre på fatet.

Då Jeune var aktivt, kom dei unge stemmene som regel til dei, og det var veldig lite «hente-arbeid».

– Når Jeune kjem tilbake, er eg ganske sikker på at det vil vere enda meir populært.