Om Giorgia Meloni og Brør av Italia vert valvinnarar, er det første gong sidan andre verdskrig at Italia har ein leiar frå ytre høgre.
mm

Søndag 25. september går italienarar til stemmeurnene for å velje nytt parlament. Prognosane tyder på at Giorgia Meloni (45) frå ytre høgre-partiet Brør av Italia vert statsminister i ei koalisjonsregjering.

Då får Italia sin første kvinnelege statsminister nokosinne, etter 30 menn har hatt rolla.

Samstundes vert det første gong sidan andre verdskrig at landet har ein leiar frå ytre høgre. Førre gong var då den fascistiske diktatoren Benito Mussolini sat med makta i perioden 1922–43.

Frå 4 prosent til største partiet

Ved parlamentsvalet i 2018 fekk Brør av Italia (Fratelli d’Italia) berre 4,4 prosent av stemmene. Målingane så langt tyder på at partiet i år kan få heile 25 prosent oppslutnad. Dei vil i så fall verte det største partiet i Italia.

Saman med samarbeidspartia Ligaen (Lega) leia av Matteo Salvini og Silvio Berlusconi sitt Framåt, Italia (Forza Italia), ligg dei an til å få 45 prosent av stemmene. Det syner prognosar publiserte i Politico torsdag.

Giorgia Meloni har teke avstand frå det nyfascistiske opphavet til partiet, men beundrar den ungarske leiaren Viktor Orbán, er motstandar av skeive rettar og vil at den italienske marinen skal vise vekk migrantar.


Giorgia Meloni, leiar av det ytterleggåande høgrepartiet «brør av Italia» under ei TV-sending om det italienske lokalvalet i 2020, der partiet gjorde det historisk godt. Meloni sitt parti ligg no an til å kunne bli største parti i Italia. (Roberto Monaldo/LaPresse via AP)
ANNONSE