Māoriar får oppreising for «grufulle krigshandlingar» under kolonitida

Krona ber om orsak for å ha konfiskert eigedom og drepe māoriar medan New Zealand var britisk koloni.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag vedtok eit samstemt parlamentet i New Zealand den såkalla Maniapoto claims settlement bill.

Etter fleire tiår med kamp, har māoriske Ngāti Maniapoto iwi sikra ei unnskyldning og fleire millionar dollar i oppreising frå Krona. Det melder The Guardian.

Krona, som er den britiske kongemakta, ber om orsak for sine «grufulle og unødvendige krigshandlingar og raupatu» mot Ngāti Maniapoto. Raupatu tyder konfiskering på māorisk.

Lova inneber at Ngāti Maniapoto, som tel nesten 46.000 menneske, får tilbake 36 stader med stor kulturell betydning og får ei oppreising på 177 millionar newzealandske dollar.

Det er den femte største summen som er utbetalt i oppreising i New Zealand, ifølgje den britiske avisa.

Sterke og sjølvstendige, heilt til kolonimakta kom

I 1840 var Ngāti Maniapoto ei sterk og sjølvstendig folkegruppe (māorisk: iwi, som på engelsk svarar til «tribe») med veksande handelsmogelegheiter.

Men same året vart Waitangi-traktaten skriven under av 500 māori-leiarar og den britiske Krona, og New Zealand vart ein britisk koloni.

I tiåra etter vart Ngāti Maniapoto svekt. Krona konfiskerte land og gongane dei betalte for område, var summen altfor låg. Innan 1900-talet var Maniapoto tilnærma landlause.

Krona ber no om orsak for sine mange brot på kolonitraktaten. I unnskyldinga står det mellom anna:

«[K]rona drap og skada folket dykkar, og plyndra landet og eigedomen dykkar.»

Kolonioppreising

Sidan 1975 har New Zealand opna for at urfolk kan få oppreising etter koloniseringa. Ifølgje The Guardian har 97 oppgjer vorte signerte og 73 har vorte gjort om til lov. 40 oppgjer står att.

– Eg er 21, så kampen starta før eg i det heile var fødd. Det er kult å sjå, i mi livstid, kor lang tid det har teke og at vi endeleg er her, sa Gemma Guiney til allmennkringkastaren Radio New Zealand.

Ho var ein av dei hundretals medlemmane av Ngāti Maniapoto som hadde reist til hovudstaden Wellington for å sjå lova verte vedteken.


Nanaia Mahuta (t.v.) vert den første kvinnelege utanriksministeren med urfolksopphav i New Zealand, når ho no vert ein del av Jacinda Ardern (t.h.) si nye regjering. Foto: Labour Party, AP Photo/Mark Baker