Har samla inn 70.000 underskrifter for å endra namnet på New Zealand

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor sette urfolkspartiet Te Pati Māori i gang ein underskriftskampanje for å endra det offisielle namnet på New Zealand til Aotearoa.

Partiet vil òg gjenoppliva dei tradisjonelle maori-namna på alle byar og stadar innan 2026.

No melder partiet at dei har 70.000 underskrifter, noko som er nok til å få saka opp i parlamentet, melder nettstaden Quartz. 

– Det vil ha ein massiv positiv effekt på moglegheita til å ta tilbake, ikkje berre språket vårt, men òg lette traumet etter koloniseringa, seier medpartileiar Debbie Ngarewa-Packer i eit intervju med NPR.