FN mistenkjer folkemord og etnisk reinsing i Etiopia

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny rapport frå FN kjem det fram at Etiopia truleg driv med folkemord og etnisk reinsing i Tigray-regionen.

Tigray er ein region nord i Etiopia. Der braut det ut krig i 2020. Tigrayfolket sin frigjeringsfront (TPLF) tok kontroll over ein militærbase. Då beordra statsminister Abiy Ahmed militære styrkar til å gå inn i regionen. 

Rapporten til FN har granska kva som har skjedd under denne krigen.

Det er den etiopiske staten som har kriga mot Tigrayfolket sin frigjeringsfront, som staten seier er ei terroristgruppe. Likevel blir sivile ramma i konflikten.

Det blir peika på fleire brotsverk: folk blir avretta utan rettsprosess, og svolt og valdtekt blir brukt som våpen i krigføringa.

– Kommisjonen finn at det er rimeleg grunn til å tru at desse brota til saman kvalifiserer som krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, heiter det i rapporten.

Rapporten seier at det truleg har skjedd omfattande overgrep frå alle sider i krigen.

Likevel blir det spesielt drege fram at Tigray-regionen ikkje får humanitær hjelp. Det blir blokkert av staten og naboregionane.

– Det er rimeleg grunn til å tru at den føderale regjeringa og styresmaktene i allierte regionar har gjort og held fram å gjere brotsverk mot menneskeslekta ved å drive etnisk motivert forfølging og andre umenneskelege handlingar, slår FN-ekspertane fast, ifølgje NTB.


FN Goodwill-ambassadør Vanessa Nakate (25) frå Uganda vart intervjua av AP Press under FN si Høgnivåveke i New York. Foto: (AP Photo/Robert Bumsted)