Australiarar vil ikkje ha Kong Charles III på setlane – føreslår krokodillejeger

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 27.09.2022 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie for seks år sidan oppretta australiarar ein underskriftskampanje for å få krokodillejeger Steve Irwin på den australske dollaren. Då skreiv over 30 000 under.

Etter tronskiftet i Storbritannia har saka fått ny vind.

Kong Charles eller krokodillejegeren?

Australia er medlem i Samveldet av nasjonar, og dronning Elizabeth II har difor vore statsoverhovud i landet. Ho har òg pryda den australske 5-dollaren.

I den britiske nasjonalsongen syng ein no God save our gracious King, nye frimerke vert trykte, og setlar og myntar vert produserte med den nye monarken sitt ansikt.

Men i Australia håpar somme at dei kan nytte høvet til å byte ut den britiske samveldesjefen på pengesetelen, og heller erstatte han med nasjonalhelten Steve Irwin.

Steve Irwin var verdskjend som TV-stjerne, dyreekspert og -vernar, Foto: AP Photo/Bernadette Tuazon

Steve Irwin, tennislegende eller Alf frå Home and Away?

Steve Irwin vart verdskjend gjennom sine mange dokumentarar om dyreliv, og vart ofte kalla «krokodillejegeren». I 2006 vart Irwin stukken i brystet av ei piggrokke medan han filma dokumentarserien Ocean’s Deadliest. Han vart 44 år gammal.

Dødsfallet sjokkerte både Australia og omverda, og det er estimert at kring 300 millionar menneske følgde minnestunda hans. 15. november kvart år markerer ein Steve Irwin-dagen i Australia.

Men det er ikkje berre «krokodillejegeren» som er føreslegen til setelen. Somme meiner tennislegenda Evonne Googalong bør få æra, medan andre løftar skodespelar Ray Meagher. Han har spelt karakteren Alf i den australske såpeserien Home and Away i over 30 år.

Skodespelar Ray Meagher er Alf i Home and Away. Evonne Goolagong var ein av verdas beste tennisspelarar på 70-talet, og var i periodar rangert som nr. 1. Foto: TV 2, Rob Mieremet / Anefo/via Wikimedia Commons/CCO

Regjeringa kjem til å diskutere saka

Til australske 7news seier assisterande finansminister Dr. Andrew Leigh at det ikkje er garantert at kong Charles III dukkar opp på den minste setelen.

– Avgjersla om å inkludere dronninga sitt ansikt på 5-dollarsetelen handla om ho personleg, heller enn hennar status som monark. Så overgangen er ikkje automatisk, opplyser han til nettavisa.

Leigh seier det er noko regjeringa kjem til å diskutere, men at dei ikkje har noko hast.

Den nye britiske monarken kjem uansett til å dukke opp i den australske valutaen, for myntar med kong Charles III sitt andlet kjem i sirkulasjon frå neste år.


Foto: Joel Rouse/Ministry of Defence, Endringar av: nagualdesign/ via Wikimedia Commons/OGL 3, Cecil Beaton/via Wikimedia Commons/Offentleg eigedom