Australia kjøper opphavsretten til det aboriginske flagget

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.01.2022 14:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er over 50 år sidan det aboriginske flagget vart heisa for første gong. No har australske styresmakter kjøpt opphavsretten frå kunstnaren.

– Det aboriginske flagget er eit vedvarande symbol som ligg nært hjartet til det aboriginske folket, seier Ken Wyatt, ministeren for australske urfolk, i ei pressemelding.

– I løpet av dei siste 50 åra har vi gjort Harold Thomas sitt kunstverk til vårt eige – vi har marsjert under det aboriginske flagget, stått bak det, og floge det høgt av stoltheit.

Sidan 1995 har flagget vore anerkjend som eit offisielt flagg for Australia, men det har ikkje vore lov å bruke fritt før no.

Saka er omtalt av fleire internasjonale medium, deriblant The Sydney Morning Herald.

Eit symbol på stoltheit

Flagget er skapt av kunstnaren og aktivisten Harold Thomas, i forkant av ein demonstrasjon 9. juli 1971.

I ein kronikk hjå The Sydney Morning Herald skriv Thomas at han skapte flagget medan han var kunststudent. Han fortel at flagget er inspirert av dei aboriginske samlingane hjå South Australian Museum, samt demonstrasjonane og marsjane for aboriginske rettar og rettferd.

– Flagget var aldri meint til å vere ei politisk plattform. I framtida, vil flagget halde fram, ikkje som eit symbol på kamp, men som eit symbol på stoltheit og samhald, skriv Thomas.

I pressemeldinga seier kunstnaren at han er takksam for at kunsten hans er sett pris på av så mange, og at det representerer noko så kraftfullt.

Sportsstrid

Tidlegare har berre eit knippe selskap fått løyve frå Thomas til å bruke flagget, noko som mellom anna skapte hovudbry for idrettslag som ville ha det aboriginske flagget på drakta.

Avtalen mellom Harold Thomas og styresmaktene frigjev flagget til fri bruk for alle, anten det er på drakter, idrettsarenaer, på nett eller i kunst – så sant det ikkje vanærer flagget.

– Eg håpar denne ordninga vil trygge til alle aboriginarar og australiarar som vil bruke flagget, uendra, stolt og utan restriksjonar, seier Thomas i pressemeldinga.


Illustrasjonsfoto: Naveed Ahmed, Unsplash.com