Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar mykje som skjedde. Av meir ytre saker hugsar eg veldig godt at vi opplevde den såkalla 6-dagerskrigen i Midtausten, riktignok på avstand, men med sterk beredskap og strenge restriksjonar for kva vi kunne gjere, også i Noreg.

Då forfattar Gunnar Staalensen var 20 år, i 1967, avtente han verneplikta i Hærens samband. Første halvår var han på Jørstadmoen, og andre halvår på Sessvollmoen.

– Men eg fylte 20 om hausten, og då eg kom heim att til Bergen ved årsskiftet, byrja eg på Universitetet i Bergen.

Lærte touchmetoden

I Hærens samband blei Gunnar Staalesen utdanna som fjernskrivaroperatør.

– Men det siste halvåret var eg adm.ass (administrasjonssekretær) ved sambandsavdelinga på Sessvollmoen. Eg lærte å skrive touch i løpet av den militære utdanninga, noko eg har hatt uvurderleg nytte av seinare, som forfattar.

I militæret las Gunnar Staalesen store delar av Knut Hamsun sitt forfattarskap. Foto: Gyldendal

Litteraturen var også på den tida ein del av livet til forfattaren. På Sessvollmoen tok Staalesen og ein kamerat på seg å drive mannskapsbiblioteket det halvåret.

– Med god tilgang til bøker hugsar eg at eg pløgde meg gjennom viktige delar av Hamsun sitt forfattarskap det året. Då eg kom til Bergen, var det nødvendigvis fransk litteratur eg måtte konsentrere meg om, på grunn av studiet, fortel forfattaren, som er utdanna cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteraturkunnskap.

Krig og flaum

Gunnar Staalesen hugsar ikkje 20-årsdagen sin spesielt godt, for det var ein heilt vanleg tenestedag i det militære.

– Eg markerte han kanskje litt forseinka under ein perm i Bergen, men det var i så fall heilt enkelt med gode venar og veninner.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Bortsett frå meir personlege opplevingar, var det nok det eg allereie har vore inne på, 6-dagarskrigen i juni det året, som gjekk parallelt med ein storflaum i Glomma, der vi måtte rykke ut og assistere på ein radiostasjon i nærleiken av Kløfta, så han ikkje skulle bli oversvømt.

Då forfattar Gunnar Staalesen var 20 år avtente han verneplikta, først på Jørstadmoen, så på Sessvollmoen. Foto: Privat

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Det var vel ikkje nokon spesiell person på det tidspunktet, tenkjer eg. Foreldra mine var viktige, sjølvsagt, men det er vel ikkje akkurat så uvanleg, legg han til.

Skreiv på debutromanen

Gunnar Staalesen, som i dag er ein av Noregs fremste forfattarar, avslører at han allereie som 17-åring byrja å skrive med tanke på å bli forfattar.

Som 22-åring gav Gunnar Staalesen ut si første bok, Uskyldstider. Foto: Pax forlag

– Og det året eg fylde 20 skreiv eg på det som skulle bli den første utgjevinga mi, romanen Uskyldstider, som kom ut to år seinare, i 1969.

Staalesen fortel at han var sikker på at han kom til å ha noko å gjere med både skriving og litteratur. Hadde han ikkje blitt forfattar, hadde han nok enda som journalist, trur han.

– Eg blei då også informasjonsansvarleg ved Den Nationale Scene i Bergen inntil eg kom så langt at eg faktisk kunne leve av å vere forfattar.

Endra kurs

Staalesen fortel at han høyrer til dei som tar eitt år av gongen, men at han sjølvsagt hadde draumar som 20-åring, ikkje minst med tanke på forfattarskapet.

– Det gjekk nok i ei litt anna retning seinare, då eg blei krimforfattar, enn eg tenkte meg då jeg var 20, fortel han.

I dag er han for mange, både i Noreg og i utlandet, først og fremst kjend for bøkene om privatdetektiv Varg Veum. Han blir rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur, og han har fått Rivertonprisen to gongar, i tillegg til at Varg Veum har fått æresprisen, trass i at han ikkje finst i røynda.

Varg Veum er Bergens mest kjende krimhelt, og har fått si eiga statue. Her saman med skaparen sin Gunnar Staalesen. Statuen står på Standkaien, der Veum i bøkene har kontoret sitt, rett ved Fisketorget. Foto: vargveum.no

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– «Neimen, har du vore så ung ein gong, du også, da?»

Staalesen ville gjeve dette rådet til 20 år gamle seg: «Stå på. Gjer dine eigne val, finn den rette å dele livet med og noko å drive på med som du likar».

– Og eg trur faktisk at eg har lukkast rimeleg bra med alt dette, sett på over femti års avstand, legg han til.


I dag hoppar programleiar Margrethe Røed i nye utfordringar som deltakar i Kompani Lauritzen, men som 20-åring var det på teaterscena ho likte seg best. Foto: Matti Bernitz / TV 2, privat