6 skandinaviske podcastar å høyre på i sommar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

P3 dokumentär

Denne passar for deg som har høyrt P2-dokumentarane Hele historien og ikkje får nok av grundige dokumentarar om viktige hendingar.

Svenskane har løfta blikket utover eigne landegrenser og laga gode episodar som Dödsolyckan på K2 der norske Cecilie Skog bidreg. I alle episodar er det knallgode kjelder, som til dømes overlevande og kona til den eine terroristen bak London-bombene i 2005, som fortel om korleis ho ikkje fekk tak i mannen sin den dagen ho skulle føda.

Anbefalte episodar: Dödsolyckan på K2, Jonestown-sekten, Galna ko-sjukan, Dödstragedin på Roskildefestivalen, Lewinskyaffären, Utöya 22 juli 2011, Mordet på 2Pac, Skolskjutningen i Jokela, Londonbomberna, Fallet Kaptein Klänning

Radiofortællinger – DR Radio

Danske Radio sin Radiofortællinger er rett og slett knallgode radiofortellingar. Eit absolutt høgdepunkt er Kærlighed på lånt tid som handlar om barnelegen Morten, som lever med ein svulst i hjernen når han finn kjærleiken med Jennie. Saman bestemmer dei seg for å starte ein familie, trass i at Morten skal dø.

Anbefalte episodar: Kærlighed på lånt tid, YAHYA – det blev sagt

P3 Musikdokumentär

Atter eit sjakktrekk frå svenske P3 som forteller historia om livet og karrieren til nokre av våre tids største idol. Podkast er det perfekte medium for musikkhistorie, fordi det handlar om lyd. I dei fleste tilfella har ikkje P3 intervjua artistane sjølv, men gode arkivklipp og intervju med svenske musikarar som har ei parallell historie eller ein spesiell tilknytning til artistane funkar vel så godt.

Anbefalte episodar: Lil Nas X – internetfenomenet från Atlanta, XXXTentacion – Hatad, älskad og död vid 20, Oasis – Rockhistoriens giftigaste syskonbråk, Billie Eilish – Förändrar världen från sovrummet, R Kelly – Artisten og anklagelserna, Spice Girls – Svek, frigörelse och girl power

Kvinden med den tunge kuffert – Third Ear

Denne perla av ein true crime-serie frå 2016 er utruleg spanande fordi reporter Krister Moltzen nesten pustar svindlaren han jaktar i nakken og alltid ligg eit par trekk bak.

Svindlaren er norske Marie Madeleine Steen, som har svindla til seg mindre summar frå godhjerta hjelparar i både Noreg og Danmark. Kven er denne kvinna med den tunge kofferten?

Astrid – Ett liv

Forfattar Astrid Lindgren har levd eit utruleg spanande liv, som gjev ein ekstra dimensjon til bøkene og forfattarskapen hennar. Det er umogleg å ikkje bli rørt over historia om å bli gravid og gje frå seg sitt eige barn i ung alder. Det er ikkje berre eit portrett av eit liv, men òg eit portrett av ei tid. Og ikkje minst er det umogleg å ikkje bli stum av beundring for denne tøffe dama.

Det perfekte offer – sesong 1

Det perfekte offer er ikkje lystig lytting, men ein viktig og rystande radiodokumentar. I første sesong sporar journalisten opp ei nattevakt i psykiatrien som fleire kvinner forklarar at har forgripe seg på dei medan dei var innlagt. Han stoppar ikkje med dei rystande forteljingane til kvinnene, men fortset å grave i kvifor nattevakta kunne halde fram å jobbe trass i anklagene.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com