Warner Bros skrotar «Batgirl»-film

«Batgirl» var alt ferdig innspelt, men vart likevel skrota av filmselskapet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.08.2022 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen der skodespelar Leslie Grace portretterer superhelten Batgirl skulle lanserast på strøymetenesta HBO Max, men tysdag denne veka vart det klart at filmen aldri vil nå sitt publikum.

Høgt budsjett, dårleg respons

Ifølgje britiske The Guardian er Batgirl ein av dei dyraste filmprosjekta som nokosinne er vorte skrota. Filmen vart spelt inn under koronapandemien, noko som har ført til kraftig auke i produksjonskostnadar. Budsjettet på 80 millionar amerikanske dollar, skal ha auka til nesten 90 millionar. Andre kjelder hevdar budsjettsprekken er enno høgare.

Kostnadane åleine skal ikkje vera grunnen til at filmen vart kansellert. Avgjersla kjem etter at Warner Bros tidlegare i år fusjonerte med Discovery. Ei ukjent kjelde fortel til The New York Post at filmen vart skrota etter dårlege tilbakemeldingar på testvisningar.

Regissørar: – Kan framleis ikkje tru det

Batgirl vart regissert av regissørane Adil El Arbi og Bilall Fallah, som står bak den kritikarroste serien Ms. Marvel.

I ein Instagram-post skriv regissørane at dei er triste og sjokkerte over avgjerda.

– Me kan framleis ikkje tru det. Som regissørar er det avgjerande at arbeidet vårt blir vist for publikum. Og sjølv om filmen var langt frå ferdig, ynskjer me at fans frå heile verda fekk moglegheita til å sjå og omfamna han, skriv dei i ei utsegn.


Les om Ms. Marvels, Marvel sin første muslimske superhelt:

I TV-serien «Ms. Marvel» følgjer vi 16-årige Kamala Khan, ein amerikanar med pakistanske røter, som oppdagar at ho har superkrefter. Rolla blir spelt av Iman Vellani. Foto: Disney+ via AP