Boka Vår tid er nå! prøver å visa at det er futt i Thunberg-generasjonen, men får det ikkje heilt til.
«De unge er nemlig fortsatt dypt engasjert i klima og bekymret for konsekvensene av klimaendringene, selv om mediene kanskje ikke vier dem så mye oppmerksomhet,» skriv klimaaktivist Gina Gylver i forordet til antalogiboka ho har redigert.
Boka heiter Vår tid er nå!, og tonen er dimed sett for eit prosjekt som skal visa at Thunberg-generasjonen lever i beste velgåande.
Om boka
Tittel: Vår tid er nå!
Redaktør: Gina Gylver
Forlag: Res Publica
Sjanger: Sakprosa
Likevel får eg kjensla av å lesa tekstar som er tilbakeskodande og mest relevante for dei som allereie er i aktivist-bobla.
Handfaste konsekvensar
Vår tid er nå! samlar tolv tekstar skrivne av like mange unge klimaaktivistar. Boka er best når fokuset ikkje er på aktivistane sjølve, men på samfunnet og verda rundt.
Til dømes er Sara Soraya Eriksen, som er leiar i Legenes klimaaksjon, sitt kapittel om helsekonsekvensane av klimakrisa augeopnande. Eriksen forklarar på eit framifrå pedagogisk vis korleis temperaturauke og forureining set helsa vår i fare. Her var det mange perspektiv som, iallfall for meg, var nye.
I same ånd, har odelsjenta Elvira Gomez Snerte skrive ein knakande god tekst om problema som klimakrisa skapar for gardbrukarar.
Å visa fram dei handfaste konsekvensane av klimakrisa er verknadsfullt og gull verd.
Utbroderte CV-ar
Fleire av dei andre kapitla i boka minner dessverre mest om utbroderte CV-ar, der forfattarane sitt foreløpige engasjement i klimakampen blir oppsummert. Det er kanskje artig lesnad for familie, vener og andre i miljørørsla – men dei meir allmenne problemstillingane hamnar i skuggen.
Dette er synd. Ein kan nemleg skimta at fleire av forfattarane i større grad kunna ha kome med gode innspel til korleis klimakampen bør førast vidare.
Eit døme er Vebjørn Bjelland Berg som skriv at idéane til buddhistmunken Thich Nhat Hanh har vore nyttige for han, men utan å forklara noko vidare. Dersom buddhistisk meditasjon er eit nyttig verktøy for klimarørsla, fortener lesarane å ta del i kunnskapen.
Det verkar som om fleire av forfattarane har gløymd at det er klimasaka – og ikkje dei sjølve – som er det mest interessante. Alle skal likevel ha skryt for å skriva med klart språk og god framdrift.

Treng tøff debatt
Denne boka klarar dessverre ikkje å overtyda meg om at det finst eit breitt og livskraftig lag av klimaengasjerte unge. Inntrykket er heller at den unge, norske klimarørsla står på staden kvil.
Trass fleire velskrivne tekstar, klarar ikkje Vår tid er nå! å peika ut ein veg vidare eller gjera seg relevant for dei som ikkje allereie er frelst. Klimaengasjementet blant unge er mindre no enn før pandemien – sjølv om dei fleste meiner at saka er like alvorleg. Å forstå korleis ein kan få fleire til å bidra er heilt naudsynt.
Det irriterer meg også litt at den einaste skiljelinja desse forfattarane ser er den mellom dei som er for og dei som er mot klimatiltak. Klimarørsla blir sløv av å ikkje også ha innbyrdes meiningsbryting.
For å løysa klimakrisa, treng me ein tøff debatt og politiske verkemiddel på vegen til gjennomslag – ikkje mimrestunder.






