Britisk-belgiske Mack Rutherford (17) er den yngste piloten som har floge rundt jorda heilt åleine. I tillegg gjorde han det i eit minifly.
NPK-NTB-AP
NPK-NTB-AP

Rutherford, som fylte 17 år under turen, landa vest for Bulgarias hovudstad Sofia onsdag, fem månader etter at han byrja den globale flyreisa si.

Der kunne han stolt håve inn Guinness-rekorden som den yngste piloten i historia som har fullført ei flyreise rundt jordkloden heilt åleine. I tillegg er han den yngste personen som har gjort reisa i eit minifly.

Rekordreisa, som byrja 23. mars i år, tok Rutherford gjennom totalt 52 land og over 5 kontinent. For å nå målet anerkjent av Guinness World Records, kryssa han også ekvator to gonger.

Mack Rutherford deler interessa for flyging med søstera Zara, som i januar vart den yngste kvinna til å flyge rundt jorda aleine. Ho tok imot broren då han tysdag landa i Belgia, før siste etappe av reisa til Bulgaria. Foto: AP Photo/Virginia Mayo

Flylidenskapen ligg i blodet. Storesystera hans Zara vart i januar den yngste kvinna som har floge jorda rundt. Då var ho berre 19 år gammal.

Mack tok flysertifikatet i 2020 og vart dermed den yngste piloten i verda i ein alder av berre 15 år.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av MackSolo (@macksolo2022)


På biletet til venstre skiftar flyteknikar Aleksandra Fjuk hovudhjul. Til høgre lekkasjetestar ho etter ferdig arbeid. Foto: Privat
Oppdatert: torsdag 25. august 2022 13.42
ANNONSE