Studie: Hundar gret av glede når dei ser eigaren

Hundar blir tårevåte av glede når dei treffer eigaren sin, viser ein ny studie.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien er publisert i tidsskriftet Current Biology, og det japanske forskarteamet har målt tårene i hundars auge. Dei har samanlikna tårenivået i normal omgang med eigaren, med gjensynet etter at eigaren har vore borte.

– Vi har aldri høyrt om at nokon har oppdaga at dyr gret i gledesfulle situasjonar, som gjenforeininga med eigarane sine, seier Takefumi Kikusui ved veterinærinstituttet på Azabu-universitetet.

Når ein hund møter eigaren sin etter å ha vore skild i fem til sju timar, aukar tåreproduksjonen betydeleg dei neste fem minutta, heiter det i rapporten. Tåreproduksjonen er høgare når hunden møter eigaren sin enn når han møter andre menneske han kjenner.

Samtidig har forskarane bede hundeeigarar vurdere bilete av hunden sin med og utan tårer. Bileta med tårevåte hundeblikk vart rangert høgare enn dei tårelause.

– Det er mogleg at hundar viser tårevåte augnar i interaksjon med eigaren for å bli teken betre vare på av eigaren, seier Kikusui.


Illustrasjonsfoto: Jolo Diaz, Unsplash.com