Kjønnet til havskjelpadda blir bestemt av temperaturen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Temperaturen på sanden avgjer kjønnet på skjelpaddene som vert klekka av egga som hoskjelpadda har grave ned.

Er temperaturen over 31 grader vert det hoskjelpadder, er den under 27,7 vert det hannar. I ein studie frå 2018 fann forskarar at 99 prosent av skjelpaddene som vart klekka ut på ein del av Great Barrier Reef var hoskjelpadder, grunna høge temperaturar.

Fryktar for havskjelpaddene

Den amerikanske delstaten Florida har på ny slått sin eigen varmerekord denne sommaren. Dette uroar lokale skjelpaddeentusiastar.

– Framover vil me sjå eit skarpt fall i talet på havskjelpadder, fordi me ikkje lenger har den genetiske variasjonen, seier dyrepassar Melissa Rosales Rodriguez ifølgje danske Politiken.

Grøn havskjelpadde er i dag rekna som sterkt truga, medan andre havskjelpaddeartar varierer frå sårbar til kritisk truga, ifølgje WWF. I tillegg til klimarelaterte utfordringar vert bestandane truga av jakt og fiske.

Også andre reptil, som alligatorar, krokodillar og nokre firfisler har temperaturbestemt kjønn.

Les også: Pingvinane på Akvariet skal vaksinerast

Direktøren på Akvariet fortel at det ikkje er kjende tilfelle av pingvinar som har fått fugleinfluensa. – Me vil vera på den sikre sida, derfor får dei vaksine, seier Aslak Sverdrup. Foto: Akvariet i Bergen.