Studentar sjekkar ikkje branntryggleiken på hybelen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei fersk undersøking gjort av Respons Fakta på oppdrag frå Bergen brannvesen.

47 prosent av bergensstudentane har ikkje sjekka eller vorte orienterte om branntryggleiken i bustaden sin.

Svært mange sjekkar heller ikkje røykvarslaren eller alternative rømmingsvegar, skriv NRK.

– Det synest vi er urovekkjande og bekymringsverdig. Vi fryktar at den pressa bustadsituasjonen for studentar fører til at mange tek til takke med ein bustad der tryggleiken ikkje er vareteken, seier kommunikasjonsleiar Trine Sommerlade i Bergen brannvesen til NRK.

Har du sjekka branntryggleiken der du bur?

Har du sjekka branntryggleiken der du bur?

Ja, eg er fullt oppdatert! 0
Tja, eg har kontroll på noko.0
Nei, ingenting.1
Eg bur framleis heime.2
Svar totalt: 3

 

Her er nokre av funna i undersøkinga:

  • 47 prosent av studentane vurderte ikkje branntryggleiken før dei flytta inn
  • 47 prosent har ikkje gått gjennom branntryggleiken med utleigar
  • 27 prosent sjekkar ikkje at røykvarslaren verkar
  • 22 prosent har berre éin utgang eller veit ikkje om andre rømmingsvegar
  • 87 prosent har ikkje delteke i brannøving der dei bur

Heile 53 prosent av studentane som leiger privat har aldri hatt ein gjennomgang av branntryggleiken med utleigar, mot 47 prosent totalt.

– Dette pliktar utleigar å gå gjennom, slik at leigetakarane veit kva dei skal gjere dersom det oppstår ei hending. Dessverre finst det ein del useriøse utleigarar på marknaden, seier Sommerlade.


Leiar i Norsk studentorganisasjon Maika Godal Dam. Foto: Hanne Jones Solfjeld, NSO