– Den brutale bodskapen i rapporten er at vi mest sannsynleg ikkje kjem til å nå målet. Vi er rett og slett for seint ute, seier Knut Kroepelien i Energi Norge til E24.
Han er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Energi Norge, som kvart år måler kor langt Noreg har komme med å omstille samfunnet til å gå på fornybar energi.
Sidan 2010 har delen fornybar energi berre auka med 5,4 prosentpoeng.
Ifølgje barometeret vil ikkje Noreg nå klimamålet om 55 prosents utsleppskutt innan 2030 – fordi delen bruk av fornybar energi er for låg.
For å oppnå målet til regjeringa om 55 prosents kutt innanlands i 2030 samanlikna med 1990, treng Noreg ein fornybardel på rundt 80 prosent.
I 2021 var fornybardelen i Noreg på 52,1 prosent.
Trur du Noreg når klimamålet innan 2030?
Trur du Noreg når klimamålet innan 2030?
Nei, det er umogeleg.8
Ja, eg har trua!2
Veit ikkje heilt. 2
Kva er klimamålet?3
Svar totalt: 15
- Visste du at kvalar et og bæsjar mykje meir enn forskarane før har trudd? Det er godt nytt for klimaet!
