«Skabb på rundgang»

Victoria Elisabeth Andal (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar.

Skabb er noko dei fleste ikkje vil snakke om, noko som ofte vert feildiagnostisert og eit tabu i samfunnet. Det eigentlege store samfunnsproblemet med skabbmidd er kostnadane ved eventuell smitte.

Dette er ikkje noko mange vel å vere opne om, men om ein skal bryte tabuet må ein starte ein plass. Dei fleste kan tenke at skabb er ekkelt, at den smitta har dårleg hygiene – dette stemmer ikkje.

Enkelt å smitte, vanskeleg å verte kvitt

No har vi vore i ein pandemi der fleire vart smitta via kontaktsmitte. Slik funkar skabb også berre at midden må verte behandla og går ikkje bort av seg sjølv som eit virus.

Skabb kan smitte i alle miljø, som skular, barnehage, pleieheim, arbeidsplass og studentbustadar. Midden smittar ved all direkte hudkontakt. Sjansen for at ein vert smitta av seksuell kontakt er der. Så enkelt som å dele sofa over 15 minutt kan vere nok til at du får smitten.

Dei fleste kan tenke seg at skabb er ekkelt, at den smitta har dårleg hygiene – dette stemmer ikkje

Når ein vert smitta av noko er det vanleg å gå på antibiotika, vente og så er ein ferdig med det verste. Eg kan personleg, med handa på hjartet, seie at eg skulle ønske det var så enkelt med skabb. Men det er ikkje berre éin kur, du må gjennom fleire og ein er relativt heldig om han er vellukka første gong.

Kremen skal vere på kroppen din i minimum 12 timar. Og alt som ikkje kan verte vaska på 60 grader må verte fryst eller pakka vekk i fem dagar frå du tek første behandling.

Hjelpa må verte billigare

Dessverre er det enkelt å verte smitta på nytt av skabb. Det kan vere at ein ikkje er forsiktig nok når ein smør seg, klesvask eller det nye utbrotet kan kome frå noko så enkelt som at levande midd ligg att i telefondekselet ditt. Sjansen er stor, og lommeboka di vil merke det.

Då eg og kjærasten fekk det påvist brukte vi nesten tusen kroner for to pakkar med Nix, og vi må rekne med å bruke to stykk per person. Dette vil seie at vi vil bruke nesten to tusen kroner for ei behandling som kanskje ikkje vil fungere.

Eg har høyrt skrekkhistorier om familiar som har måtta vente til neste løning fordi dei ikkje har råd til behandling, eller dei som klør seg til blods fordi dei er redde for at dei skal verte stempla som skiten.

Skabben vil ikkje forsvinne av seg sjølv, den må behandlast. Det er inga løysing for å førebygge skabb, det som kan vere ei løysing er at prisane for behandlinga går ned og at det skal verte enklare for dei som er smitta å få hjelp.

Ein kan reise over til Sverige og få billegare behandling på apoteket, men då må ein fysisk ta med behandlinga over grensa. Vert det sendt i posten vert det beslaglagd av toll. Det kan ikkje vere slik at ein må til eit anna land for å få billig hjelp. Hjelpa må verte billig der vi er.

Skabb er ikkje tabu. Lat oss heller stoppe midden som går på rundgang.


Har du noko på hjartet? Send innlegg eller tips til tips(a)framtida.no! 


Illustrasjon Marie Murby