«Atomvåpendebatten for dei naive»

Anders Yttervoll
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På bakgrunn av internasjonal uro så har debatten rundt atomvåpen blitt løfta. Dei naive i debatten har prestert å rope for full hals for nedrusting i både NATO og andre vestlege land.

Det er på tide at nokon tar til orde og ikkje framstår naiv i denne saka.

For «paranoide» til å ikkje ha atomvåpen

Sidan den kalde krigen har dåtidas Sovjetunionen og USA rusta opp og ned atomvåpenarsenala sine. Det har vore konferansar, og ein har utruleg nok unngått aktiv bruk av atomvåpen i internasjonale konfliktar. Men dette har ikkje hindra oppbevaringa av desse masseøydeleggingsvåpena hos verdas stormakter. Dette er heller ikkje tilfeldig.

Grunnen til at USA ikkje har rusta ned atomvåpena sine og på sikt blitt kvitt dei, er at dei ville vore dei einaste. Det er ein slik tankegang som pregar alle verdas stormakter. USA, Russland, India og resten av dei er for «paranoide» til å ikkje ha atomvåpen.

Poenget mitt er at anten må alle ha atomvåpen, eller så kan ingen ha det. Men det siste alternativet er det mest naive, og elles, det store delar av venstresida stiller seg bak.

Ingen tør å bruke det

Mange «pasifistar» og politikarar på venstresida har prøvd å krevje at NATO rustar ned sine atomvåpenarsenal. Dette er på bakgrunn av fullstendig fåkunne rundt kva atomvåpen inneber.

For endå ein skulle tru at atomvåpen er skapt for å brukast, så er resultatet av at alle har atomvåpen grunnen til at ingen tør å bruke det. Ein fryktar at viss ein brukar det, så, for å bruke ein mild metafor, pissar ein i motvind.

Ein fryktar at viss ein brukar det, så, for å bruke ein mild metafor, pissar ein i motvind.

Uklokt

Difor er det uklokt å krevje at Vesten rustar ned sine atomvåpenarsenal. For når Nord-Korea arrangerer paradar med rakettane sine, så kan vi vere trygge på at dei veit at viss dei så mykje som avfyrer ein rakett mot ei vestleg makt, så vil det bli slått like hardt tilbake.

La dei naive i atomvåpendebatten vite at endå det hadde vore flott å bu i ei verd utan atomvåpen, så er det meir sannsynlege krigføringar som ein kan vere urolege over.


Kollasj: Framtida.no. Illustrasjonsfoto: Daniel Klein/Unsplash. Foto:Thomas Kjøndal/Stig Brødnbo/UIT