Direktøren på Akvariet fortel at det ikkje er kjende tilfelle av pingvinar som har fått fugleinfluensa. – Me vil vera på den sikre sida, deerfor får dei vaksine, seier Aslak Sverdrup. Foto: Akvariet i Bergen.
Pingvinane på Akvariet skal vaksinerast
Snart kan bøylepingvinane på Akvariet i Bergen sleppa telt over hovudet. No er vaksinen som skal beskytta dei mot fugleinfluensa på veg.
Marte Husabø
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Administrerande direktør på Akvariet i Bergen, Aslak Sverdrup, fortel at han er glad for at pingvinane skal vaksinerast. Foto: Akvariet i Bergen
– Me er veldig glad i pingvinane våre og opptekne av at dei skal vera trygge, seier administrerande direktør på Akvariet i Bergen, Aslak Sverdrup.
Heilt sidan 9. desember i fjor, har bøylepingvinane budd i eit stort telt som er sett opp over pingvindammen på Akvariet.
Der har dei 29 pingvinane hatt portforbud for å unngå å bli smitta av eit pågåande utbrot av fugleinfluensa, som ikkje før er påvist i Noreg. Altså er det ikkje berre me menneske som har måtta vera forsiktige for å unngå smitte den siste tida.
– Dei har jo på ein måte blitt ein kohort inne i teltet. Teltet har gitt godt vern mot sjukdommen, men det er ei mellombels løysning, seier Sverdrup.
Når det blir varmare ute, hadde det ikkje vore bra for fuglane å bu i telt. Det er også meir lyd inne i eit telt. Derfor har Akvariet jobba for å få tak i ein vaksine, men det har ikkje vore beint fram å få til.
Teltet over dammen har beskytta godt mot fugleinflusensa, men det er ikkje ei permanent og god løysing. Foto: Akvariet i Bergen.
– Først og fremst må den importerast til Noreg, og så må me ha godkjenning frå Mattilsynet før me kan gi den.
Direktøren fortel at vaksinasjon av pingvinar går føre seg på den same måten som med menneske. Akkurat som med korona-vaksina, må pingvinane vaksinerast i to omgangar.
– Me må ta blodprøve av pingvinane før dei får vaksine og etter me har vaksinert dei.
Dette er ein av dei 29 bøylepingvinane som bur på Akvariet. Foto: Akvariet i Bergen.
Sverdrup fortel at dei håpar at alle pingvinane vil vera vaksinert i april.
– Då får dei endeleg vera habitatet sitt her på Akvariet att. Det er me glad for.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.