Etter dagens regelverk kan ikkje ungdom under 18 år jobbe etter klokka 23.00. Høgre og Arbeidarpartiet er usamde om dei skal få jobbe til midnatt.
NPK-NTB
NPK-NTB

Det skriv NRK.

Høgre foreslår at ungdom i alderen 15 til 18 år i sommarjobb kan jobbe fram til midnatt.

– I dag må dei slutte klokka 23, og det gir inga meining. Særleg med tanke på at bedriftene våre treng arbeidskraft meir enn aldri før, seier nestleiar i Høgre, Henrik Asheim til NRK.

Trine Lise Sundnes i Arbeidarpartiets stortingsgruppe støttar ikkje Høgre sitt forslag.

– Dette synest eg er ein usedvanleg dårleg idé. Arbeidstid for barn og unge under 18 år er sette for at arbeidet ikkje skal hindre skulegang, seier Sundnes.


Les innlegget: «Unge ser jobbannonse etter jobbannonse der ein ser etter fleirårig erfaring frå arbeidslivet»

LES OGSÅ

ANNONSE