Vipps strammar inn gebyr på høge summar
Betalingstenesta Vipps innfører frå august eit nytt gebyr på summar over 5.000 kroner per døgn.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vipps har tidlegare hatt eit gebyr på enkeltoverføringar som overstig 5.000 kroner. Men dersom ein har delt opp større summar til å bli under denne grensa, har ein kunna omgå dette gebyret.
24-timarsregel
No blir innført eit nytt gebyr som inneber ein 24-timarsregel på beløp over 5.000 kroner til same mottakar, skriv Nettavisen.
Sjølv om ein deler opp beløpet, vil ein måtte betale gebyret, som er på éin prosent.
– Det blir meir rettferdig fordi alle betaler same gebyr på høge beløp. I tillegg bidreg det til å framleis halde kvardagsvippsing gratis, seier pressekontakt Even Westerveld i Vipps.