Skuledagboka: TikTok-Sabina (21) ville invitert Martin Luther King på pannekaker

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Draumen er å bli psykolog, fordi eg ynskjer å hjelpe og gjere ein forskjell.

Orda kjem frå Sabina Majaliwa (21) også kjend som @sabinamajaliwa med over 880.000 følgjarar på TikTok.

Der lagar ho morosame videoar, speler ulike roller og snakkar om viktige tema som psykisk helse.

– Eg elskar å vere skodespelar! Å redigere videoar og spele forskjellige roller, det eg driv med på fritida. Kreativitet er ei av mine sterke sider, skriv ho på e-post til Framtida.no.

☀️ Korleis ser ein vanleg dag i ditt liv ut?

– Eg er på skulen, så høyrer eg på podkastar, ser på YouTube, kanskje også Netflix og chill. Så lagar eg mat. Eg er vegetarianar, så på kjøkenet er eg også kreativ. Elles går resten av kvelden til å lage eller redigere videoar.

? Kva gjer deg sint?

– Å vere rundt giftige folk, som tek meir enn dei gir. Folk som pratar stygt om andre og knekker om lag alle rundt seg. Og folk som ikkje tek omsyn og viser lite empati. Dei gjer meir skade enn godt, og det gjer meg sint.

? Kva gjer deg glad?

– Morosame videoar eg kan relatere til, også memes! Humoren min er ganske mørk, så eg har ein tragikomisk humor. Veninna mi sende meg ein meme med ein person som smiler til kamera medan huset bak personen brenn, og teksten er «How’s life going?». Relaterbart.

❤️ Kva er den viktigaste saka i dag?

– Eit tema eg er veldig oppteken av for tida er psykisk helse! Vi kan ikkje miste fleire. Sjølvmordstala aukar og mange i samfunnet snur ryggen til. Alle fortener hjelp og alle skal få hjelp. Derfor er det viktig å vere ei stemme for dei mange som lid i stille. Ikkje berre rundt psykisk helse, men også rundt vald i forhold, vald heime, mishandling og elende.

? Kven ser du opp til?

– Personen eg ser opp til er faktisk meg sjølv! Å ha seg sjølv som eit førebilete motiverer meg til å ha eit mål. Eg har laga eit bilete i hovudet mitt av ting eg ynskjer å oppnå. Ein betre versjon av meg sjølv i framtida, trua på at eg har nok styrke til å nå akkurat det eg vil og inspirere andre til å velje sine spor.

Sabina Majaliwa. Foto: Privat

? Kven ville du invitert på middag – levande eller daud – og kva hadde du servert?

– Eg ville faktisk invitert Martin Luther King til middag. Rett og slett fordi eg beundrar alt han har gjort og kjempa for.

Eg ser på han som ein helt og ville likt å lære mykje av han. Kanskje han ville motivert meg til å kjempe hardare mot ting i samfunnet som eg mislikar, mellom anna rasisme, mobbing og svik i helsevesenet.

Og så ville eg servert pannekaker, fordi eg elskar pannekaker. Med kaffi og te ved sida av og masse god frukt til dessert.

? Kva ville du sagt til 12 år gamle deg?

– Du er ein soldat som kjempar ein annan type krig, og for det vil eg seie at eg er kjempestolt over deg for!

? Kva tenkte du då du vart 18 år?

– Eg hugsar godt at eg var både glad og lei meg på 18-årsdagen min. Det var tårer både før og etter bursdagen, og glede medan eg feira bursdagen. Det er overraskande mange som gruar seg til å fylle 18 år, men sidan få pratar om det, er det fort gjort å føle seg åleine. Ein går jo frå å vere eit barn til å bli myndig, og i lovas namn «vaksen». Eg trur fleire går på ein smell fordi røynda slår inn og ein innser alt det ansvaret ein plutseleg har.

? Kva kjem du til å hugse best frå denne tida når du er gamal og grå?

– Folk som dag etter dag gav meg ein god grunn til å smile og kjempe på.

? Kva gjer du om 10 år?

– Vanskeleg å seie, men eg håpar at eg er ferdig med utdanninga mi, trivst i den jobben eg har og er økonomisk stabil.

? Kva drøymer du om?

– Min største draum er å bli skodespelar og psykolog, lukkeleg og mentalt frisk.

? Kva er ditt beste råd?

– Gjer det beste med det du har. Set pris på alt og alle rundt deg, fordi tida ventar ikkje på nokon. Gå ut av komfortsona di, men våg å setje grenser. Ta vare på deg sjølv like godt som du tek vare på alle andre.


 

Kva lyttar du til?

– Podkast og dokumentarar. Eg høyrer ikkje så mykje på musikk for tida, men viss eg høyrer på noko iblant er det det som trendar på TikTok.

Kva ser du på?

– Krim-seriar/-filmar, skrekk og thriller. Er også mykje på YouTube og TikTok.

Kva er favorittmaten din?

– Favorittmaten min for augneblinken er pannekaker, og salat blanda med sopp oppi!

Illustrasjonsfoto: M Draa/ Unsplash

Kva har du alltid med deg?

– Øyretelefonar og mobilladar. Blir stressa om eg ikkje har med det.

Fortel ein random fact om deg?

– Eg et ikkje ost på pizza.

Kva er favorittstaden din?

– Favorittstaden min er faktisk senga mi. Eg er veldig glad i rommet mitt og bruker «urovekkande» mange timar i senga! Det er vel ferie for meg det. Avslappande og trygt. Netflix and chill.

Kva er det beste du har lagt ut på sosiale medium?

– Det beste eg har lagt ut på sosiale medium er videoane som handla om vald i nære relasjonar.

@sabinamajaliwa ⚠️Tw {La barn være barn) Siste del! Sang av @mariamohn #voldhjemmet #bareåtteår #foryoupage ♬ original sound – Sabina Majaliwa

Kva er ditt siste bilete på kamerarullen din?

– Bileta mine på telefonen er fullt av sitat og memes. Ikkje mykje bilete av meg, men eg sender det eg synest er finast no. No cheating.