Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marthe Wang debuterte i 2017 med plata Ut og se noe annet, som ho vart nominert til Spellemannprisen for.

Låta «Til deg» var på plata, og vart brukt i samband med TV-aksjonen i 2018. Dette er nok den mest kjende låta frå bergensaren, og vart å høyra på dei fleste radiokanalar. I november same år fekk ho Tekstforfatterfondets lyspunktpris.

I februar i år slapp ho låta «Lillebror», der ho har fått følgarar og fans til å sende inn sine «lillebror-videoar» og sett saman i musikkvideoen som høyrer til låta.

I dag kjem andreplata Bakkekontakt, tre år etter debuten.

Her er Musikkdagboka til Marthe Wang:

Kva betyr musikk for deg?
Musikk betyr så mykje! Det er eit hemmeleg våpen som knytter meg nærare både meg sjølv, men også alle dei rundt meg og verda vi lever i.

Kor mange minutt lyttar du til musikk kvar dag?
Ein skuletime om dagen kanskje? Mest til frukost!

Favorittsjanger:
Pop <3

Favorittband:
Mange! Akkurat no er det Darling West <3 (høøøyr den nyaste plata!)

Første favorittlåt:
Wannabe av Spicegirls!

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?
Ganske flau, men med nokre lysglimt! Då eg var 13 år kjøpte eg Two Way Monologue av Sondre Lerche og blei forelska. Den plata er framleis ein av mine favorittar <3

Første album du kjøpte sjølv:
Det må anten vere Wannabe av Spice Girls eller Aquarium av Aqua. 7 år der altså. Sjuuu år!

Kva syng du i dusjen?
Trur ikkje eg syng så mykje i dusjen faktisk </3

Verdas beste kjærleikslåt?
Det finst alt for mange og eg blir like rørt av alle! Første eg kom på var God only knows av Beach Boys, så da går eg for den!

https://www.youtube.com/watch?v=AOMyS78o5YI

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?
Duell av No.4/Emilie Christensen etterfulgt av Vår beste dag av Erik Bye eller Both sides now av Joni Mitchell.

Beste treningsmusikk:
Kakkmaddafakka, Janelle Monae og Carola <3

Guilty pleasure:
Sigvart og Bjørn, helst saman <3

Verdas mest oppskrytte band/musikar:
Er ikkje så fan av Shakira 😉

Verdas mest undervurderte band/musikar:
Mamma <3

Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?
Erik Bye <3

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?
Åååå. Kanskje Ly av Jo Skaansar eller Våpendrager av Trygve Skaug <3

Kva låt vil du ha i gravferda di?
Huff, har tenkt litt mindre på det enn bryllaup kan eg innrømme – men om Christian Grøvlen kunne spelt nokre lyriske stykker av Grieg, hadde eg blitt nøgd.

https://www.youtube.com/watch?v=g5MlHvCKJfs

Eller om Solveig Slettahjell sang Blå Salme.

Les også: Musikkdagboka med Bendik: Ho grin av Spice Girls og synest Queen er oppskrytt

Bendik. Foto: Ole Martin Halvorsen/Presse