Musikkdagboka: Beharie ville ha stått fast i heisen med Freddie Mercury og syng aldri i dusjen (!)

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 02.11.2022 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Guilty pleasure er ei løgn, hehe.

Det skriv artisten Christian Beharie, også kjend som berre Beharie, på e-post til Framtida.no.

Han skammar seg altså ikkje over noko av det han liker å høyre på. Det gjer han heller ikkje når det gjeld musikksmaken han hadde som tenåring. Han synest sjølv i dag at han hadde bra smak.

Det første albumet han kjøpte, var Hits for Kids 8.

Takka «superheltar»

Beharie fekk Spellemannprisen i kategorien r’n’b/soul.
Foto: Annika Byrde / NTB

Beharie sleppte sin første EP i 2019. I vår fekk han Spellemannprisen i kategorien r’n’b/soul for oppfølgaren frå 2021, Beharie // Beharie. I takketalen dediserte han prisen til alle «superheltar» som har kjempa for hans og alle skeive sine rettar til «noko så banalt som å eksistere».

Han var nyleg å sjå på skjermen då NRK sende direkte frå arrangementet Lovlig Skeivt, som var arrangert av Oslo kommune og regjeringa i rådhuset i juni. Arrangementet var ei markering av Skeivt kulturår 2022.

I vår sleppte han sin tredje EP, Beharie, the third.

Ville tolka Frank Ocean

Om han fekk vere med på “Hver gang vi møtes”, og han sjølv kunne velje dei andre deltakarane, ville dei ha vore: Bon Iver, Joni Mitchell og Frank Ocean.

Beharie drøymer om å høyre Joni Mitchell tolka låta hans Love Me. Sjølv ville han ha covra Pyramids av Frank Ocean.

Beharie kunne tenke seg å samlast til «Hver gang vi møtes» med Joni Mitchell (Foto: Paul C. Babin), Frank Ocean (Foto: Andras Ladocsi) og Bon Iver (Foto: Paul Hudson). Kollasj: Framtida.no.

Sjølv høyrer Beharie helst på indiesoul. For augneblinken er favorittbandet hans Big Thief, og favorittlåta er Change av same bandet.

Akkurat no har han dilla på Peaches av Justin Bieber.

Verdas beste kjærleikslåt:

Beyond av Leon Bridges

Beste treningslåt:

Barbra Streisand.

Kva syng du i dusjen:

– Eg syng faktisk aldri i dusjen, haha.

Verdas mest undervurderte band/musikar:

– Dancing the Conga.

Di største konsertoppleving:

Frank Ocean på Hovefestivalen.

Kven er din draumeduettpartnar, og kva låt skulle de ha teke?

– Whitney Houston (rip). Vi skulle ha sunge ein powerballade.

Kva låt skulle du ønske du hadde laga?

– Händels Messias.

Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Freddie Mercury. FORTELL MEG ALT.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– Trur ikkje eg vil gifte meg:(

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Oh Fortuna.

Glad: – Jungle

Lei meg: – Haley Heynderickx

Sint: – Mozart

Treng ein sjølvtillitsboost: – Kanye West


Resa Safa Park. Foto: Kristian Engelsen