Tysk helseminister åtvarar mot koronahausten

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viss me går inn i hausten utan fleire tiltak – utan munnbind og utan alt det andre – vil det bety at talet på kor mange som er smitta vil stiga sterkt. Også intensivavdelingane på sjukehusa vil bli overbelasta, seier Tysklands helseminister, Karl Lauterbach, ifylge Der Spiegel.

Lauterbach er sjølv professor i epidemiologi, men har hatt permisjon frå stillinga sidan han blei vald inn i nasjonalforsamlinga.

– Det er som å brenna eit ljos i båe endane. I den eine enden brenn det medisinske personalet. Og i den andre enden brenn pasientane.

Meiner fleire vaksinar vil gjera ende på pandemien

Utspelet til Lauterbach kom i samband med eit møte i USA. Helseministeren er der for å utveksla erfaringar med forskarar, politikarar og byråkratar som har arbeidd med koronapandemien. Det melder Der Tagesspiegel.

Lauterbach ville ikkje kommentera kva tiltak han ser føre seg at er aktuelle.

Han har tidlegare kome med liknande bodskap. Tidlegare denne veka skreiv Lauterbach på twitter: «Mange spør: Skal korona aldri ta slutt? Når kjem endemien? Ikkje denne hausten, då er det ingen veg utan tiltak. Men på lengre sikt vil det koma vaksinar som beskyttar mot fleire variantar. Eg reknar med at det er det som vil vera slutten.»


Foto: Annie Spratt, Jan Baborak, Mike Erskine, Chris Leboutillier, Fabien Maurin, Mika Baumeister/ Unsplash. Kollasj: Framtida.no