Kreftforeininga bekymra over ny Tiktok-trend: – Stikk i strid med kunnskapen vi har

Kreftforeininga er bekymra over at unge deler videoar av soling i høgast mogleg uv-indeks for å få brun hud.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Tiktok får videoar med emneknaggen #uvindeks tusenvis av likarklikk og delingar. Å sole seg har vore populært i fleire tiår, men no skal det delast – helst når UV-indeksen er på sitt sterkaste, skriv NRK.

Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen seier at dei er bekymra over trenden.

– Den går ut på at ein solar seg når sola er som sterkast ved hjelp av denne UV-indeksen. Det er stikk i strid med den kunnskapen vi har om kva som er bra for huda, seier Ross til NRK.

Ross forklarer at konsekvensen i verste fall kan vere livsfarleg. Kvart år får 2.500 personar føflekkreft i Noreg. 9 av 10 hudkrefttilfelle kjem av for mykje soling.

– Blir ein solbrent mange gonger i livet, aukar risikoen for å få hudkreft og særleg føflekkreft. Ein blir likevel brun viss ein bruker solkrem og tek litt pause når sola er som sterkast.


Skjermdump TikTok. Illustrasjon: Canva