Min fyrste sommarjobb: DNT-leiaren var ekstrahjelp på aldersheim

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det var litt krevjande for ein så ung gut å delta i stell og å hjelpe med bleieskift og dei tinga, skriv Dag Terje Klarp Solvang på e-post til Framtida.no.
Han tenkjer tilbake på sin aller første sommarjobb, då han som 14-åring byrja som ekstrahjelp på alders- og sjukeheim.
Solvang fortel at han lærte mykje i løpet av somrane han arbeidde der, som:
– Respekt for andre menneske og å tole menneske som er veldig ulik meg sjølv.
- Les også om Espen Nakstad sin første sommarjobb: Han jobba på bensinstasjon
Måtte lære å jobbe for pengane
I dag er Dag Terje Klar Solvang leiar i Den Norske Turistforening. Tidlegare har han arbeidd som marknadssjef i Høgre, og han er utdanna i hotelleiing frå Universitetet i Stavanger.
Men sitt første møte med arbeidslivet fekk han på alders- og sjukeheimen, og der var oppgåvene varierte:
– Alt frå å vaske golv, til å bistå i å servere dei som ikkje kunne ete sjølv til å delta på legging av bebuarane.
– Korleis fekk du jobben?
– Mamma jobba på den same alders- og sjukeheimen og var nok oppteken av at poden skulle lære å jobbe for pengane.
Solvang hadde jobben i 3-4 år før han tok fatt på nye oppgåver i oppvasken på ein restaurant.
Brukte pengane på sko og klede
DNT-leiaren fortel at han i sommarjobben vart kjend med mange fine folk, både pasientar, pårørande, sjukepleiarar og hjelpepleiarar.
– Kva var det beste med jobben?
– Eg lærte å vere snill med alle uansett alder og behov for hjelp. Og at du lærer deg å lytte til ulike behov. Viktige lærepengar alt saman.
– Kva var den største tabba du gjorde?
– Eg kjem ikkje på noko eg tabba meg ut på. Trur eg var pliktoppfyllande. Attesten er i alle fall god.
– Kva brukte du pengane til?
– Eg var ikkje så flink med pengar, så alt gjekk nok til sko og klede. Og noko musikk.
- Les også om sommarjobben til No.4-vokalist Emilie Christensen: – Ofte må ein vere både gut 5, jente 17, dame 68, sjøhest og drage på éin og same dag!